Reiselivsledelse

Skriv ut Utskrift med emner
Norsk namn
Reiselivsledelse

Engelsk namn
Tourism management

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
180

Organisering
Studiet er organisert som eit heiltidsstudium over tre år (6 semester). Valemne krev minst 6 påmelde studentar for å bli gjennomført.


Organisering 2
På studiestaden (Sogndal, Førde, Sandane) / On Campus

Normert studietid
Tre år

Innleiing

Bachelor i reiselivsledelse gir deg solid grunnkompetanse innan ei av verdas raskast voksande næringar - midt i eit av verdas fremste reisemål; Fjord Norge.

Studiet er ei grunnleggjande økonomisk/administrativ leiarutdanning med reiselivsspesialisering som tek sikte på å utvikle evna til å bruke fagkunnskap i realistiske arbeidssituasjonar. Studiet er bygd opp med progresjon innan fire fagområde: marknadsføring, økonomi, leiing og reiseliv. I tillegg til generelle økonomi-, administrasjons- og leiingsfag, har studiet fokus på inngåande kunnskap om reiselivsnæringa, reisemålsutvikling, reiselivsmarknadsføring, reiselivsproduktet (natur- og kulturbasert turisme), berekraftig reiseliv og serviceleiing. Utvikling av små og mellomstore bedrifter, heilskapleg reiselivsutvikling og berekraftig reiseliv er sentrale gjennomgangstema i studiet.

Studiet er nært knytt til næringa, offentleg sektor og forsking (nasjonalt og internasjonalt) i form av gjesteforelesingar, ekskursjonar, bedriftsbesøk, praktisk eksempel (case) og forskingsbasert undervisning. Høgskulen har eit nært samarbeid med fleire aktørar regionalt og nasjonalt i reiselivsnæringa og offentlege aktørar som t.d. Innovasjon Norge, og samarbeider med Vestlandsforsking om nasjonal og internasjonal reiselivsforsking i Forskingssenteret for berekraftig reiseliv. Høgskulen har i tillegg eit samarbeid med Universitetet i Stavanger, avd. Norsk Hotellhøgskole, knytt til gjesteforelesingar, forsking og mastergradstudium i Stavanger/utlandet.

Studiet vektlegg bruk av oppdatert kunnskap frå næringa og aktuell forsking, bruk av praktiske verktøy, evna til entreprenørskap, kreativitet og nytenking, evna til kritsik og analytisk tenking, kritisk bruk av kildemateriale, bruk av aktuelle case og erfaringar frå Norge og andre land, grunnleggjande IKT kompetanse, gjesteforelesarar frå næringa, bedriftsbesøk og ekskursjonar, samt bruk av det unike reiselivstilbodet i Fjord Norge i undervisninga.

Kompetansebehovet i reiselivsnæringa er knytt til utvikling, leiing og drift innan:

·Overnattings- og serveringsbransjen

·Transportsektoren

·Aktivitets-, opplevings- og attraksjonsføretak

·Reiselivsorganisasjonar, prosjekt og reisemålsselskap

·Offentlig sektor og verkemiddelapparatet

Det vil alltid vil vera behov for økonomisk/administrativ leiar- og marknadsføringskompetanse i reiselivet. I tillegg vil det vera eit aukande behov for kunnskap knytt til heilskapleg reisemålsutvikling og tilrettelegging av lønsame og berekraftige bedrifter og opplevingsproduktet.

Studentane skal tileigne seg kunnskap om og lære seg å forstå sentrale økonomisk/administrative og reiselivsrelaterte fagområde. Ein vesentleg del av studiet er orientert mot å kjenne att og å løyse praktiske problem. Studentane skal øvast opp i å bruke dei kunnskapane og metodane som dei tileignar seg, på ein kritisk, analytisk og kreativ måte.

Med ein bachelorutdanning i Reiselivsledelse vil ein, spesielt med noko relevant praksis, kunne få jobb knytt til:

- Marknadsførings- og salsretta arbeid

- Utviklingsarbeid knytt til opplevingar og opplevingsprodukt

- Administrasjons- og leiingsoppgåver i bedrifter, offentleg sektor og prosjekt

- Heilskapleg reisemålsutviklingsarbeid

- Rådgjevings- og konsulentarbeid innan reiseliv

Studiet i Reiselivsledelse er ein generell økonomisk/administrativ utdanning som også gir deg eit godt grunnlag for å arbeide med bl.a. leiing, administrasjon, marknadsføring og utviklingsarbeid i andre næringar.

Studieplanen inneheld nokre emne der sluttvurderinga kan bli endra før studiestart.

Målgruppe

Studiet er ope for søkjarar med studiekompetanse, og høver for studentar som ynskjer ei praktisk og fagleg retta økonomisk/administrativ utdanning for å kunne arbeide med marknadsføring, leiing og utvikling i alle deler av reiselivsnæringa. Studiet er forankra som ei generell økonomsik/administrativ utdanning som også gir eit godt grunnlag for å arbeide med tilvsvarande opgåver i andre næringar.

Studiet er også ope for emnestudentar (sjå omtalen under kvart einskilt emne).

Opptakskrav

Opptakskravet til bachelorstudiet i reiselivsledelse er generell studiekompetanse/ realkompetanse.

Innhald / oppbygging

Bachelorstudiet i reiselivsledelse har som mål å gje kandidatane eit yrkesretta studium som kan nyttast innanfor privat næringsliv, offentleg forvaltning og organisasjonar. Studiet kombinerer forskingsbasert læring og studium av praksis. Eit viktig mål med bachelorstudiet i reiselivsledelse er å skape eit godt og breitt grunnlag for seinare læring og framgang, både i vidare studiar og i arbeidslivet.

Studiet i reiselivsledelse er sett saman av obligatoriske reiselivsemne, obligatoriske økonomisk/ administrative emne og valemne innan reiseliv og økonomi/administrasjon. Studiet tek utgangspunkt i særtrekka ved reiselivsnæringa med tilhøyrande bransjetilpassing av kunnskap, teoriar og metodar i studiet. Studiet tek sikte på å utvikle evne til å bruke fagkunnskap i konkrete, realistiske og samansette arbeidssituasjonar. I studiet vert det lagt vekt på å tilpasse fag til bransjespesifikke tilhøve, slik at studentane får høve til å utvikle eigne evner til å bruke fagkompetansen knytt til konkrete bransjespesifikke spørsmål.

Studiet er lagt opp med gjennomgåande progresjon innan fire fagområde: marknadsføring, økonomi, leiing og reiseliv. Den faglege progresjonen er lagt opp slik at ein dei tre fyrste 3 semestra startar med emne innan grunnleggande reiselivskunnskap, marknadsføringsfag og emne frå bachelorstudiet i økonomi og administrasjon. I desse emna skal studentane sikrast tilstrekkeleg basiskompetanse for vidare studium og seinare praksis. Vidare er det lagt opp til meir spesialiserte emne og valemne dei 3 siste semestra.

Studiet er bygd opp slik:
  • 1. - 3. semester: 90 studiepoeng obligatoriske reiselivs- og øk/adm.-emne.
  • 4. semester: 30 studiepoeng valemne (moglegheit for utanlandsopphald eller praksisplass).
  • 5. semester: 20 studiepoeng obligatoriske og 10 studiepoeng valemne (reiselivs- og økadm.-emne).
  • 6. semester: 10 studiepoeng obligatorisk reiselivsemne og 20 studiepoeng obligatorisk bacheloroppgåve.

Gjennomsnittleg arbeidsmengd tilsvarar 30 studiepoeng pr. semester. Det er gjort nærare greie for dei einskilde emna under emneomtalen i studiemodellen. Emne med færre enn 8 deltakarar kan bli avlyste. Det endelege tilbodet om valemne i haustsemesteret (5. semester) vert kunngjort seinast 15. juni.

Kvalitetssikring

Utarbeiding og implementering av studieplanen blir regelmessig og kritisk vurdert av fagtilsette som held seg oppdatert på eigne fagfelt og som har kontakt med miljø som driv med forsking og utviklingsarbeid med relevans for emna i studieplanen. Vurderinga vert supplert med diskusjonar om studieplanen med fagtilsette ved andre høgskular/universitet og utvalde personar med erfaring frå privat næringsliv. Det vert lagt opp til evaluering av alle emna undervegs i studiet etter malen til høgskulen. Faglege og pedagogiske sider ved studiet vert drøfta i fagutval og studienemnd ved avdelinga og i studieutvalet i høgskulen.

Digital kompetanse

I løpet av studietida skal studentane lære å meistre nokre av dei mest grunnleggjande verktøya som tekstbehandling (Word), rekneark (Excel) og lysbilete (Powerpoint). Studentane skal vere i stand til å strukturere og redigere store tekstdokument på en effektiv måte. Dei skal vere i stand til å nytte rekneark til å gjere økonomiske analysar og statistiske utrekningar. Ved hjelp av lysbilete og bruk av multimedia skal studentane vere i stand til å lage og gjennomføre presentasjonar. I val-/fordjupingsemna skal studentane få opplæring i relevante verktøy som t.d. prosjektstyringsprogram og rekneskapsprogram. Studentane skal også i desse emna få innsikt i kva refleksjonar som ligg bak val av slike verktøy og korleis ein kan implementere bruken av desse.

Kjeldekompetanse og forskingsbasert undervisning

Alle emna i studiet skal basere seg på den nyaste/beste litteraturen og forskinga som finst på dei ulike fagområda. I løpet av studiet skal studentane lærast opp til å kunne gjennomføre sjølvstendige faglege oppgåver som tilfredsstiller forskingskrava på bachelornivå. Studentane skal ha innsikt i vitskapsteori og dei forskingsmetodane som ein nyttar i dei samfunnsvitskaplege faga. Studentane skal vere i stand til å gjere sjølvstendige refleksjonar knytte til forskingsetiske problemstillingar. Første studieår skal studentane gjerast kjende med dei formelle og tekniske krava som vert stilte til mindre fagoppgåver. Studentane skal også bli kjende med høgskulens retningslinjer knytt til sitering og etikk. Andre studieåret skal studentane i tillegg få innsikt i metodar for litteratur- og kildesøk og vere i stand til å vurdere kvaliteten på den informasjonen dei har funne. Tredje studieår får studentane innsikt i vitskapsteori og skal lære å bruke dei samfunnsfaglege forskingsmetodane på praktiske problem. Studentane skal få erfaring med å finne ny og relevant faglitteratur og lære å vurdere forskingsresultata kritisk. Fordjupingsemna skal reflektere faglærarane sin forskingsprofil og undervisninga skal basere seg på dette forskingsarbeidet og der det er mogleg gi studentane høve til deltaking i forskingsprosjekt. Studentane skal også vere i stand til å planleggje og gjennomføre eit forskingsprosjekt gjennom bacheloroppgåva.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga vekslar mellom førelesingar, case-studium, gruppeøvingar og organiserte kollokviegrupper med rettleiar. Studentane sitt arbeid vekslar mellom førelesingar, litteraturstudium, kartleggingsarbeid, gruppediskusjonar og skriftleg rapportering individuelt og i grupper. Med case-studium forstår vi gransking/drøfting og framlegg til utvikling av situasjonen for konkrete reisemål eller bedrifter og studiar av aktuelle tema. Det er lagt opp til både forskingsbasert læring og studium av praksis.

Ikt vert brukt i større eller mindre grad i alle kurs. Bachelorstudiet i reiselivsledelse kan ikkje gjennomførast utan eit stort innslag av sjølvstudium, der løysing av oppgåver vil vere sentralt. Forventa studieinnsats for ein heiltidsstudent er 40 timar kvar veke. Av dette vil lærarstyrt undervisning/rettleiing utgjere i snitt cirka 15 timar kvar veke.

Ekskursjonar, bedriftsbesøk, feltstudium og gjesteforelesingar inngår som ein sentral del av studiet. Kontakt med reiselivsaktørar blant anna knytt til skriving av oppgåver og løysing av case, skal gi deg trening i løysing av reelle utfordringar innanfor reiselivet. Som student på dette studiet må du være førebudd på å delta på turar, ekskursjonar og andre aktivitetar. Studiet vert avslutta med eit større prosjektarbeid (bacheloroppgåva i 6. semester).

Læringsutbyte

Studiet tek sikte på å utvikle studentane sine praktiske og faglege føresetnader for arbeid innafor alle delar av reiselivet. Studiet legg spesielt vekt på utvikling av studentane si evne til strategisk, marknadsorientert tenking knytt til verdiskaping, berekraft, nytenking og kreativitet for å kunne løyse framtidige utfordringar i reiselivet.

Etter endt utdanning skal studentane:

  • kunne bruke grunnleggjande kunnskap, teorigrunnlag, metodar og verktøy innafor fagområda økonomi/administrasjon, marknadsføring, organisasjon/leiing og reiseliv på ein kreativ, kritisk og analytisk måte i arbeid med leiing, utvikling og drifting av reiselivsføretak og reisemål, og i reiselivsretaltert FoU-arbeid og forvaltning.
  • kunne bruke fagkunnskap i konkrete, realistiske og samansette arbeidssituasjonar ved å kjenne att og løyse praktiske problem ved bruk av praktiske metodar og verktøy.
  • ha grunnleggjande evne til sjølvstendig og kreativ tenking.
  • ha gode kommunikasjonsferdigheiter.
  • ha gode ferdigheiter i å finne fram til og bruke relevante kunnskapskjelder av høg kvalitet innafor fagområda i studiet i praktisk arbeid, FoU-samanheng og forvaltning.
  • kunne gjennomføre forskingsprosjekt tilsvarande ei bacheloroppgåve ut frå grunnleggjande samfunnsfagleg metodekunnskap og kritisk bruk av kildemateriale.
  • ha grunnleggjande digital kompetanse: tekstbehandling (Word), rekneark (Excel) og lysbilete (Powerpoint); strukturere og redigere store tekstdokument; nytte rekneark til å gjere økonomiske analysar og statistiske utrekningar; lage og gjennomføre presentasjonar.

Reiseliv:

  • Grunnleggjande kunnskap om: begrep, samfunnsrolle og aktuelle problemstillingar og utfordringar knytt til reiseliv og turisme; den nærings- og samfunnsmessige strukturen i reiselivet; utvikling og drift av natur- og kulturbaserte opplevingar og attraksjonar; prosessverktøy for heilskapleg reisemålsutvikling; berekraftig utvikling av reiselivsføretak og reisemål; leiing, administrasjon og utvikling av reiselivsføretak, serviceorganisasjonar og reisemål med vekt på små og mellomstore bedrifter og heilskapleg reiselivsutvikling.

Marknadsføring:

  • Grunnleggjande kunnskap om: fagfeltet marknadsføring generelt og tenestemarknadsføring spesielt; forbrukaråtferd; verktøy og metodar for marknadsanalyse; marknadssegmentering og strategisk posisjonering; strategisk marknadsplanlegging; og ulike verktøy, metdoar og teknikkar knytt til marknadskommunikasjon og merkevarebygging i praksis.

Økonomi:

  • Grunnleggjande kunnskap om: rekneskap, bedriftsøkonomi og budsjettering; forstå og kunne bruke grunnleggjande økonomiske verktøy og metodar knytt til rekneskapsføring, økonomistyring, budsjettering og økonomiske analysar.

Leiing:

  • Grunnleggjande kunnskap om: organisasjonsteori og organisering; strategisk tenking og strategiske prosessar; metodar og verktøy for praktisk prosjektleiing; samt leiing og administrasjon av teneste/serviceorganisasjonar.
Praksis

Studentane kan velje praksisopphald ved ei reiselivsverksemd/organisasjon i 4.semester. Studentane skal sjølve skaffe relevante praksisplassar som må godkjennast av HSF.

Målet med slik praksis er at studenten gjennom praktisk arbeid skal verte kjend med ulike arbeidsoppgåver innan reiselivsnæringa. Arbeidsoppgåvene skal stå i forhold til den kompetansen studenten har, og kan vere knytt til både daglege arbeidsoppgåver i verksemda eller til gjennomføring av særskilde prosjekt. Det vil også vera mogleg å ta praksisopphald i utlandet. Det er utarbeidd nærare reglar som gjeld for praksisopphald, og det må gjerast avtale om innhald og opplegg for eit praksisopphald på førehand.

Omfang av praksis i studiet (i prosent)
16,7% (valfritt)

Studieopphald i utlandet

Tilbod om utanlandsstudium er lagt til 4. semester. Målet med dette tilbodet er å gi studentane internasjonal kunnskap og erfaring knytt til reiselivsstudiet og studiesituasjonen. Studentar kan og få høve til å ta fordjupingsemne som HSF ikkje kan tilby, og såleis spisse utdanninga si. Høgskulen har avtalar med fleire institusjonar som har fag som kan inngå i utdaninga. Studieopphaldet må godkjennast av HSF på førehand, og avlagde eksamenar vert innpassa i utdanninga.

Reiselivsstudiet har følgjande samarbeidsinstitusjonar for utveksling:

  • University of the Sunshine Coast, Queensland, Australia (www.usc.edu.au)
  • Instituto Politécnico de Viana do Castelo, Portugal (http://portal.ipvc.pt)
  • University of Valencia, Spania (www.uv.es)
  • La Rochelle Business School, Frankrike (www.esc-larochelle.fr)
  • Hochschule Kempten, Tyskland (www.hochschule-kempten.de)

For meir informasjon sjå "Studieopphald i utlandet" på www.hisf.no.

Arbeidskrav

I dei fleste av emna, både dei obligatoriske og dei valfrie, er det arbeidskrav i form av obligatoriske oppgåvesett som skal innleverast til godkjenning, anten individuelt eller i grupper på inntil 3-4 personar. Faglærar er ansvarleg for godkjenninga. Sjå omtale av dei einskilde emna.

Ekskursjonar:

Studiet omfattar fleire ekskursjonar og bedriftsbesøk med anbefalt deltaking. Turane går til sentrale norske og/eller utanlandske reisemål, attraksjonar og bedrifter for studiar av ulike reiselivsprodukt, tema og reisemål. I samband med ekskursjonar/ feltundervisning må studentar ved HSF vere budde på å betale ein eigendel for reise og opphald. Sjå HSF sitt felles reglement for dekking av bu- og reiseutgifter til studentane: http://www.hisf.no/studadm/reglement/bureiseutgifter 

Sluttvurdering

Ordninga for sluttvurdering går fram av omtalen av dei einskilde emna.

Det er søkt å finne vurderingsformer som er tilpassa studieopplegget, arbeidsformene og læremåla. Emna har varierte vurderingsordningar med bruk av t.d. heimeeksamen i grupper og individuelt, oppgåveinnlevering som del av eksamen og skuleeksamen.

Pensum

Sjå omtalen under kvart einskilt emne.

Godkjent av
Studieutvalet

Godkjent dato
18.05.09

Sist revidert av
Ståle Brandshaug

Sist revidert dato
12.05.2010

Studieprogramkode (opptakskode)
216330

Bachelor i reiselivsledelse
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
Sum: 0 0 0 0 0 0
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne
Bachelor i reiselivsledelse, oppstart haust 2010
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
RE6-106 Reiselivskunnskap 10,00 O 10          
BØ6-101 Innføring i rekneskap og
bedriftsøkonomi
10,00 O 10          
OR6-101 Organisasjonskunnskap 10,00 O 10          
RE6-312 Kulturbasert turisme 10,00 O   10        
RE6-201 Økonomistyring og leiing i
reiselivsføretak
10,00 O   10        
OR6-102 Marknadsføring 10,00 O   10        
RE6-208 Forbrukaråtferd i reiselivet 10,00 O     10      
RE6-102 Turisme og samfunn 10,00 O     10      
OR6-202 Føretaksstrategi 10,00 O     10      
RE6-308 Naturbasert turisme 10,00 V       10    
RE6-202 Marknadsanalyse og merkevarestrategi 10,00 V       10    
RE6-103 Reisemålsutvikling 10,00 V       10    
RE681 Praksisopphald i reiseliv 30,00 V       30    
ME6-200 Samfunnsvitskapleg metode og statistikk 10,00 O         10  
RE6-314 Marknadskommunikasjon i reiselivet 10,00 O         10  
OR6-211 Næringsutvikling og omstillingsarbeid 10,00 V         10  
OR6-210 Kreativitet og idéutvikling 10,00 V         10  
RE6-205 Bygdeturisme 10,00 V         10  
RE694 Bacheloroppgåve i reiseliv 20,00 O           20
RE6-209 Serviceledelse 10,00 O           10
Sum: 30 30 30 30 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne
Bachelor in Tourism Management
Code Course title Credits O/V *) Credits pr. semester
  S1(A) S2(S) S3(A) S4(S) S5(A) S6(S)
RE6-106 Tourism 10,00 O 10          
BØ6-101 Introduction to Financial and Managerial
Accounting
10,00 O 10          
OR6-101 Organization Theory 10,00 O 10          
RE6-201 Economic management in tourism 10,00 O   10        
RE6-312 Culture based tourism 10,00 O   10        
OR6-102 Marketing 10,00 O   10        
RE6-208 Consumer behaviour in tourism 10,00 O     10      
RE6-102 Sosial, economic and political
dimensions in tourism
10,00 O     10      
OR6-202 Business Strategy 10,00 O     10      
RE6-308 Nature based tourism 10,00 O       10    
RE6-202 Marketing Management and Strategic Brand
Management
10,00 O       10    
RE6-103 Tourism planning 10,00 O       10    
RE681 Internship 30,00 O       30    
RE6-314 Marketing for hospitality and tourism 10,00 O         10  
ME6-200 Methods of Social Research and
Statistics
10,00 O         10  
?ME6-20X Methods of Social Research and
Statistics
10,00 O         10  
RE6-205 Rural Tourism 10,00 O         10  
OR6-210 Creativity and Idea Development 10,00 O         10  
OR6-211 Regional and Local Business Development 10,00 O         10  
RE6-209 Service management 10,00 O           10
RE694 Thesis 20,00 O           20
Total: 0 0 0 0 0 0
*) O - Mandatory course, V - Optional course
Bachelor i reiselivsledelse, oppstart haust 2009
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
RE6-104 Reiselivskunnskap 10,00 O 10          
RE6-102 Turisme og samfunn 10,00 O 10          
BØ6-101 Innføring i rekneskap og
bedriftsøkonomi
10,00 O 10          
RE6-103 Reisemålsutvikling 10,00 O   10        
RE6-201 Økonomistyring og leiing i
reiselivsføretak
10,00 O   10        
OR6-102 Marknadsføring 10,00 O   10        
RE6-207 Tenestemarknadsføring 10,00 O     10      
OR6-101 Organisasjonskunnskap 10,00 O     10      
OR6-202 Føretaksstrategi 10,00 O     10      
RE6-312 Kulturbasert turisme 10,00 V       10    
RE6-208 Forbrukaråtferd i reiselivet 10,00 V       10    
RE6-202 Marknadsanalyse og merkevarestrategi 10,00 V       10    
RE681 Praksisopphald i reiseliv 30,00 V       30    
RE6-314 Marknadskommunikasjon i reiselivet 10,00 O         10  
ME6-200 Samfunnsvitskapleg metode og statistikk 10,00 O         10  
RE6-308 Naturbasert turisme 10,00 V         10  
RE6-205 Bygdeturisme 10,00 V         10  
OR6-210 Kreativitet og idéutvikling 10,00 V         10  
OR6-211 Næringsutvikling og omstillingsarbeid 10,00 V         10  
RE6-309 Attraksjonsutvikling 10,00 O           10
RE694 Bacheloroppgåve i reiseliv 20,00 O           20
Sum: 30 30 30 30 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne