Studiehandbok 10/11 / Studium / AVDELING FOR ØKONOMI, LEIIN... / Organisasjon og leiing, masterstudium – helse- og sosialleiing og utdanningsleiing, H-08  

Organisasjon og leiing, masterstudium – helse- og sosialleiing og utdanningsleiing, H-08

Skriv ut Utskrift med emner
Norsk namn
Organisasjon og leiing, masterstudium – helse- og sosialleiing og utdanningsleiing, H-08

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
120 studiepoeng

Organisering
Studiet er organisert som eit deltidstilbod over åtte semester. Studentane tek først årsstudiet i utdanningsleiing eller helse- og sosialaleiing over fire semester. Deretter held dei fram på masteremne som er felles for begge studieretningane.

Organisering 2
På studiestaden (Sogndal, Førde, Sandane) / On Campus

Normert studietid
Fire år

Innleiing

Masterstudiet i organisasjon og leiing med valfri spesialisering i helse- og sosialleiing og utdanningsleiing tek sikte på å gje teoretisk og praktisk innsikt i organisasjon og leiaroppgåver i dei mjuke sektorane i offentleg forvaltning. Studiet er basert på læringsformer som ikt, problemorientering og eigenutvikling gjennom tekstutforming.

Målgruppe

Studiet rettar seg mot personar i yrkeslivet som søkjer relevant kunnskap og innsikt for å ha leiar- og administrasjonsstillingar innan utdannings- eller helse-og sosialsektorane. Målgruppa er personar med avslutta grunnutdanning og med praksis frå sektorane.

Høgskulen vil i samarbeid med den enkelte student legge til rette for at studentar som er i arbeid kan gjennomføre studiet: Dette gjer vi mellom anna med fleksibilitet i høve til gjennomføringstid og i høve til tidspunkt for levering av skriftlege arbeid.

Opptakskrav

For opptak til studiet gjeld desse krava til utdanning:

  • Avslutta grunnutdanning – minimum 3 år – på eitt av dei profesjonsområda som studiet dekkar. Døme på slike utdanningar er allmenn- og førskulelærarutdanning, sosionom, barnevern, sjukepleie, fysioterapi og vernepleie.
  • Andre relevante fagkombinasjonar på cand. mag.-nivå eller tilsvarande.
  • Studentane må dessutan ha minst to års praksis frå yrket dei har kvalifisert seg for.Det er høve til å dispensere frå kravet om praksis dersom særlege grunnar ligg føre (td personar som nyleg har omskulert seg).

Kandidatar som fyller opptakskriteria, og som har teke eittårig vidareutdanning i utdanningsadministrasjon/utdaninngsleiing eller helse- og sosialadministrasjon ved Høgskulen i Sogn og Fjordane eller likande studium, kan takast direkte opp i steg 2 i masterprogrammet.

Læringsmål

Hovudmålet for studiet er å kvalifisere personar med profesjonsutdanning og yrkeserfaring til administrative stillingar, leiarstillingar og stillingar av typen prosjektleiing, utgreiing, planlegging, utviklingsarbeid og liknande.

Som ein bakgrunn for arbeidet med masteroppgåva vert det gjeve eit kurs i vitskapsteori og samfunnsvitskaplege metodar. Målet er å både gje eit oversyn over ulike forskingsstrategiar generelt og gje eit grunnlag for sjølvstendig vurdering av forskingsresultat. Emnet skal vidare gje grunnlag for tileigning av metodekunnskapar til bruk i samband med masteroppgåva.
Målet med masteroppgåva er at studentane skal lære å bruke vitskaplege metodar på ei bruksretta problemstilling. Den kan gjerne vere knytt til eit arbeidsområde studenten sjølv har erfaring med. Oppgåva kan gjennomførast som ei empirisk undersøking knytt til det valde problemområdet, eller som eit analytisk arbeid. I begge tilfella vil det bli lagt vekt på at studentane skal kunne nytte teoretiske perspektiv og omgrep til å drøfte empiriske problemstillingar knytte til utdanningssektoren eller helse- og sosialsektoren.

Innhald / oppbygging

Masterstudiet i organisasjon og leiing - helse- og sosialleiing eller utdanningsleiing utgjer 120 studiepoeng. Studiet består av to steg. Figurane nedanfor syner oppbygginga av studiet:

Master steg 2

Forskingsstrategiar og metode (15 st)

Leiing og endring i organisasjonar (15 sp)

Masteroppgåve (30 sp)

Master steg 1

(Årsstudiet i utdanningsleiing/ helse- og sosialleiing)

Organisasjon og leiing

Drift av grunneining / Leiing av pedagogisk verksemd

Økonomi og jus

Helse- og velferdspolitikk / utdanningspolitikk

Heile eller deler av emna vil bli gjennomført som felles undervisning med studiet i helse- og sosialleiing/utdanningsleiing.

Steg 1 må gjennomførast før studentane kan ta til med masteroppgåva. Ut over dette vil det bli lagt vekt på fleksiblitet i høve studentanes gjennomføring av kursa.

I steg 1 opnar ein for studentar som har gjennomført andre fagleg relevante emne på nivå over grunnutdanning (vidareutdanningar og masterutdanningar) innan organisasjon og leiing kan få det godkjent som ein del av steg 1. Emne som vil kunne bli erstatta er organisasjon og leiing, drift av grunneining, leiing av pedagogisk verksemd, Jus og økonomi i helse- og sosialsektoren og økonomi og jus i utdanningsleiing.

Studiet blir gjennomført som deltidsstudium over åtte semester. Gjennomføringsplannen går fram av emneoversikta under.

Undervisnings- og læringsformer

Studiet er bygt opp rundt samlingar med førelesingar, seminar og gruppearbeid. På samlingane vil studentane møte varierte og problemorienterte arbeidsformer som casedrøftingar, øvingar og prosjektseminar med drøftingar av eige og andres prosjekt.
Mellom samlingane skal studentane arbeide med pensumlitteratur og oppgåver. Det vert lagt vekt på å utvikle bruken av IKT som kommunikasjons- og informasjonskanal og som læringsverktøy i studiet. Det er ein føresetnad for gjennomføring av studiet at studentane har tilgang til e-post og internett. Classfronter skal nyttast aktivt som lærings- og kommunikasjonsplattform.

I kvart emne er det venta at studentane sjølve arbeide med tekstar som på ulike måtar bidreg til innlæring av fagstoff. Studentane får tilbod om og har krav på rettleiing individuelt eller i grupper i utforming av tekstane. Heile eller delar av tekstane skal leverast inn til mappe for sluttvurdering og fungerer då som eksamen.

Tabellen nedanfor syner dei ulike tekstane som skal arbeidast med i kvart emne:

Sem

Emne

Teksttypar

1

Organisasjon og leiing

Bruke relevant teori i drøfting av eit organisasjonsproblem eller utfordring på eigen arbeidsplass

2

Drift av grunneing

Leiing av pedagogisk verksemd

Utarbeiding av dokument som handlar om utviklingsprosessar på eigen arbeidsplass.

3

Økonomi og jus (utdanning/helse- og sosial)

Utarbeide svar på oppgåver utlevert av faglærar

4

Utdanningspolitikk

Helse- og velferdspolitikk

Bruke relevant teori i drøfting av eit fagleg problem. Utforme som fagleg paper/artikkel

5

Forskingsstrategiar og metode

Utarbeide metodeskisse med relevans for masteroppgåve

6

Leiing og endring i organisasjonar

Framstilling av litteratur med relevans for forskingsprosjekt.

7

MR690 Masteroppgåve

Utkast til tekstar som inngår i masteroppgåve

8

MR690 Masteroppgåve

Utkast til masteroppgåve

Studiet stiller krav om sjølvstendig pensumgjennomgang, ansvar for eiga læring mellom samlingane og aktiv tilnærming til dei problemstillingar studentane vert presenterte for.

Studentane har krav på rettleiing i samband med fagtekstar og masteroppgåve.

Praksis

Det blir ikkje stilt krav til praksis undervegs i studiet.

Studieopphald i utlandet

Det er ikkje lagt opp til studieopphald i utlandet.

Arbeidskrav

Det er lagt opp til følgjande arbeidskrav i studiet:

Sem.

Innhald/krav

1

A-krav nr. 1: Eigenpresentasjon: Målformulerande dokument der studenten gjer greie for sine forventningar og mål for studiet

2

Drift av grunneing: A-krav 2 Deltaking i nærare definert undervisning og utarbeiding av skriftleg dokument tilknytting.

Leiing av pedagogisk verksemd: A-Krav 2 Utarbeiding av 4 korte refleksjonsnotat

4

Helse- og velferdspolitikk: A-krav nr. 3: Læringsdokument: Individuelt utforma refleksjonsdokument der studenten vurderer si eiga læring og utbytte av studiet

Utdanningspolitikk: A-Krav nr. 3: Læringsdokument: 4 korte refleksjonsdokument utarbeid mellom samlingane

5

A.Krav nr 4: To oppgåveløysingar i metode.

A.krav nr. 5: Ideskisse for masteroppgåve. Skriftleg eller muntleg presentasjon

7-8

A-krav nr. 6: Muntleg presentasjon av masterprosjekt for rettleiarar og medstudentar.

Dei tre første arbeidskrav skal godkjennast av studieleiar eller den faglæraren studieleiar peikar ut.

Dei to siste arbeidskrava er ein føresetnad for å få rettleiing i samband med masteroppgåva. Dei skal godkjennast av studieleiar eller den faglærar studieleiar peikar ut.

Det er utforma eigne retningsliner for innhaldet i arbeidskrava.

Sluttvurdering

Det vert ikkje lagt opp til nokon form for tradisjonell skuleeksamen. Det er lagt opp til tett samband mellom fagtekstar og sluttvurdering (mappe) i dei fleste emna. Sluttvurdering går fram av emneomtalen til dei enkelte emna i studiet. Sjå emnetabell under.

Det vert nytta bokstavkarakterar i alle vurderingar dersom ikkje anna står i emneplan. Intern/ekstern sensur skjer etter eigen plan på avdelingsnivå.

Pensum

Pensumlitteratur går fram av omtalen av dei einskilde emna i studiet. Pensumlitteraturen i studieplanen vil undervegs bli supplert og endra. Den endelege pensumlitteraturen vert gjort kjend ved oppstart av det enkelte emne.

For nokre emne er supplerande pensum/tilleggslesing oppgjeve. Dersom pensum vert henta her, skal faglærar eksplisitt gjere dette klart for studentane ved byrjinga av eksamenssemesteret.

Godkjent av
Departementet

Godkjent dato
20.09.2002

Sist revidert av
Studieutvalet

Sist revidert dato
06.05.2009

Emneoversikt kull 2008
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V) S7(H) S8(V)
OR6-401 Leiing og endring i organisasjonar 15,00 O 15              
SA6-400 Leiing av forbetringsarbeid i
grunneiningar
15,00 V   15            
SA6-401 Leiing av pedagogisk verksemd 15,00 V   15            
JU6-401 Økonomi og jus i utdanningsleiing 15,00 V     15          
JU6-400 Økonomi og jus i helse- og
sosialsektoren
15,00 V     15          
SA6-402 Utdanningspolitikk 15,00 V       15        
SA6-403 Helse- og velferdspolitikk 15,00 V       15        
ME6-500 Forskingsstrategiar og metode 15,00 O         15      
OR6-500 Leiing og endring i organisasjonar 15,00 O           15    
MR 690 Masteroppgåve i organisasjon og leiing 30,00 O             15 15
Sum: 15 15 15 15 15 15 15 15
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne