Engelsk årsstudium

Skriv ut Utskrift med emner
Norsk namn
Engelsk årsstudium

Engelsk namn
English one year course

Undervisningsspråk
Engelsk

Studiepoeng
60

Organisering
Heiltid.

Organisering 2
På studiestaden (Sogndal, Førde, Sandane) / On Campus

Normert studietid
To semester

Opptakskrav

Opptakskravet er generell studiekompetanse/realkompetanse. Krav til forkunnskapar i norsk kan fråvikast for internasjonale studentar.

Innhald / oppbygging

Studiet er bygd opp etter emne- og studiepoengsystemet.
Studentar som skal ta årseininga som del av almennlærarutdanninga, må ta emna EN6-110 Engelskspråkleg litteratur med didaktikk 10 stp. I tillegg må dei ta EN6-102 Fagdidaktikk med praksis 10 stp. Desse emna går i vårsemesteret.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga vil bli lagt opp som førelesningar og øvingar i gruppe. Kommunikasjonsspråket i timane vil vera engelsk. Bruk av språket vert sett på som eit hovudmål, og gjennom heile studiet vil dette verta vektlagt. Internett vert nytta til kunnskapsinnhenting og kommunikasjon. Informasjon til studentane vert gjeve via Fronter .

Læringsutbyte

Etter å ha teke dette emnet skal studentane :

– ha kunnskap om språket og korleis det vert brukt
– ha funksjonell og sikker personleg språkdugleik
– ha kunnskap om og innsikt i kulturelle, sosiale, historiske og politiske tilhøve i engelsktalande land
– ha kunnskap om litteratur frå engelsktalande land
– vere i stand til å nytte Internett som eit hjelpemiddel til informasjonsinnsamling

Praksis

For dei som tar årseining i engelsk som del av lærarurtdanninga, vil det vera 2 vekes praksis i vårsemesteret

Studieopphald i utlandet

I studiet inngår eit 2 vekers opphald ved The Norwegian Study Centre i York i veke 44 og 45. Opphaldet er lagt opp med hovudvekt på praktisering av språket, men det vil òg bli gitt førelesingar om emne frå samfunnsliv og litteratur. Kvar vekedag vil studentane få undervisning av engelske lærarar.
Statens Lånekasse gir ekstralån, og Høgskulen gir eit tilskot.

Arbeidskrav

Kvart emne vil ha forskjellige arbeidskrav. Det vil gå fram av omtalen under dei einskilde emna kva arbeidskrav som gleld. Faglærar fastset frist for innlevering av arbeidskrav.

Sluttvurdering

Sluttvurdering går fram av omtalen av dei einskilde emna.

Sist revidert av
Bjørn Sørheim

Sist revidert dato
10.04.2008

Studieprogramkode (opptakskode)
216170

Engelsk årsstudium
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
EN6-101 Lingvistikk 1: Engelsk grammatikk 10,00 O 10  
EN6-108 Engelskspråkleg litteratur del 1 10,00 O 10  
EN6-105 Samfunnsstudium 10,00 O 10  
EN6-100 Lingvistikk 2: Fonetikk 10,00 O   10
EN6-114 Engelskspråkleg litteratur del 2 A 15,00 O   15
EN6-107 Samfunnsstudium 5,00 O   5
Sum: 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne
Engelsk med fagdidaktikk årsstudium (for lærarstudentar)
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
EN6-101 Lingvistikk 1: Engelsk grammatikk 10,00 O 10  
EN6-108 Engelskspråkleg litteratur del 1 10,00 O 10  
EN6-105 Samfunnsstudium 10,00 O 10  
EN6-100 Lingvistikk 2: Fonetikk 10,00 O   10
EN6-110 Engelskspråkleg litteratur med
didaktikk del 2 B
10,00 O   10
EN6-102 Fagdidaktikk med praksis 10,00 O   10
Sum: 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne