Studiehandbok 10/11 / Studium / AVDELING FOR LÆRARUTDANNING... / Vidareutdanningar / Kunst og handverk til glede og nytte 30 sp  

Kunst og handverk til glede og nytte 30 sp

Skriv ut Utskrift med emner
Norsk namn
Kunst og handverk til glede og nytte 30 sp

Engelsk namn
Arts and crafts

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
30

Organisering
Deltidsstudium, samlingsbasert og delvis nettbasert studium over to semester

Organisering 2
På studiestaden (Sogndal, Førde, Sandane) / On Campus

Normert studietid
1 år

Målgruppe

Lærarstudentar og lærarar som ønskjer kunst og handverk i fagkrinsen sin.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Innhald / oppbygging

Studiet inneheld følgjande arbeidsområde:

- Bilde

- Skulptur

- Design

- Arkitektur

Innanfor desse områda vert det arbeidd med to- og tredimensjonale uttrykk. Bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi IKT blir vektlagt og IKT saman med tradisjonelle teknikkar blir nytta i det praktiske arbeidet.

Arbeid med fagdidaktikk og kunst og handverk i grunnskolen er integrert i de fire arbeidsområda.

Lokale, regionale, nasjonale og internasjonale kunst- og kulturuttrykk er en del av kunnskapsgrunnlaget.

Undervisnings- og læringsformer

- Individuelt praktisk, skapande arbeid under rettleiing

- Demonstrasjonar og førelesingar med utgangspunkt i det praktisk, skapande arbeidet

- Arbeid i grupper av ulik samansetjing

- Teoretiske oppgåver knytt til det praktisk, skapande arbeidet og arbeid med faget i skolen

Sjølvstudium er ein vesentleg del. Eigenkostnad.

Det kan arrangerast korte ekskursjonar knytt til nærmiljøet.

Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) blir nytta som arbeids- og læringsverktøy i studiet.

Læringsutbyte

Studenten skal ha

- utvikla eigen kompetanse i to- og tredimensjonale uttrykk

- tileigna seg erfaring og kunnskap om ei breidde av teknikkar, materialar, verktøy, formtradisjonar og uttrykk frå egen og andres kultur

- utvikla sin eigen kompetanse om barn og unges utvikling og bruk av visuelt språk

- tileigna seg erfaring, innsikt og kunnskap om tilrettelegging for faglig utvikling hos barn og unge med ulike føresetnader og med ulik kulturbakgrunn

- tileigna seg erfaring, innsikt og kunnskap om å planleggje, gjennomføre, reflektere over og vurdere undervisning i kunst og handverksfaget i samsvar med læreplanverket for grunnskolen

- fått erfaring med og utvikla kompetanse i tverrfagleg arbeid med faget som regifag

- tileigna seg kunnskap om det profesjonelle og det frivillige kunst- og kulturlivet i distriktet, og kunne leggje til rette for samarbeid i faget mellom skolen og lokalmiljøet

- tileigna seg kunnskap om å ivareta den estetiske dimensjonen i grunnskolen

Praksis

Utprøving av faglege problemstillingar i skulesamanheng.

Arbeidet i praksis skal vere tett knytt til innhald i studiet.

Undervisningpraksis er obligatorisk for studentar som tek faget som 3.studieår i allmennlærarutdanninga, eller studentar i 4.studieår som ikkje har fullført 20 vekers obligatorisk praksis i si allmennlærarutdanning.

Arbeidskrav

Sjå emneomtale

Sluttvurdering

Sjå emneomtale

Pensum

Bale, Astrid (2009) Estetikk. En innføring. Oslo: Pax.

Danbolt, Gunnar ( 2009) Norsk kunsthistorie : bilde og skulptur frå vikingtida til i dag. Oslo: Samlaget.

Haabesland, Anny Å. og Vavik, Ragnhild E. (2000) Kunst og håndverk: hva og hvorfor. 

 Bergen: Fagbokforlaget.

Otnes, Hildegunn (red.) (2009) Å være digital i alle fag. Oslo: Universitetsforlaget,

 s. 189 – 207, s. 227 – 54.

Endeleg pensumliste skal liggje føre innan oppmeldingsfristen til eksamen.

Godkjent av
Dekan, ALI

Godkjent dato
27.05.09

Sist revidert av
Dekan, ALI

Sist revidert dato
28.04.10

Studieprogramkode (opptakskode)
216042


Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
FO354 Kunst og handverk til glede og nytte 1 15,00 O            
FO355 Kunst og handverk til glede og nytte 2 15,00 O            
Sum: 0 0 0 0 0 0
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne