Norsk for ungdomssteget

Skriv ut Utskrift med emner
Norsk namn
Norsk for ungdomssteget

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
30 studiepoeng

Organisering
Deltidsstudium, samlingsbasert. Arbeid i lokal studiegruppe mellom samlingane. Bruk av nettet er sentralt, og alle studentane må disponere datamaskin med nett-tilgang.



Organisering 2
På studiestaden (Sogndal, Førde, Sandane) / On Campus

Normert studietid
1 år

Innleiing

Dette er eit vidareutdanningstilbod i norsk. Studiet passar spesielt godt for lærarar som er i jobb i skulen. Det er eit studium utan tradisjonell skuleeksamen til slutt, men arbeid med arbeidskrav føregår jamt utover i heile studiet.

Målgruppe

Lærarar som underviser i grunnskulen, helst på mellomsteget eller ungdomssteget.

Opptakskrav

Lærarutdanning (allmennlærar, faglærar - praktisk-pedagogisk utdanning) og greidd eksamen i norsk 1 (30stp). Lærarar med utdanning etter gamle planar (5vt/15stp) eller tilsvarande kan og søkje.

Læringsmål

Vidareutdanningstilbodet er utvikla som eit ledd i utvikling og utprøving av nasjonale etter- og vidareutdanningstilbod for lærarar i grunnskulen. Krava til lese- og skrivekompetanse har auka sterkt dei siste tiåra. Det er eit uttalt ønske at norsklærarane aukar kompetansen sin når det gjeld lesing, skriving og korleis IKT kan brukast som fagleg og didaktisk hjelpemiddel i skulen. Samhandling gjennom tekst er det berande prinsippet, og det er det faglege grunnlaget for kompetanseutviklinga også i dette norskstudiet.

Innhald / oppbygging

Krava til lese- og skrivekompetanse har auka sterkt dei siste tiåra. Etter ny lov om lærarutdanning frå 2009 må ein ha 60 studiepoeng i eit fag for å undervise på ungdomssteget. Det er eit uttalt ønske at norsklærarane aukar kompetansen sin når det gjeld lesing, skriving og korleis IKT kan brukast som fagleg og didaktisk hjelpemiddel i skulen. Samhandling gjennom tekst er det berande prinsippet og det er det faglege grunnlaget for kompetanseutviklinga også i dette norskstudiet.

Tre hovudområde:
1. IKT og språkleg samhandling (7,5stp)
Omfattar kunnskap og ferdigheiter og IKT-didaktikk
2. Utvikling av lese- og skrivekompetanse (15stp)
Omfattar grunnleggjande prinsipp i lese- og skriveopplæring, vidareutvikling av lese- og skriveferdigheiter, elevtekstkunnskap, lese- og skrivevanskar på ungdomssteget og lese- og skriveutvikling for elevar med norsk som andrespråk
3. Lesing og skriving i ulike sjangrar (7,5stp)
Omfattar munnlege og skriftlege tekstar av og for ungdom og vaksne og lesing av litteratur og eigne tekstar.

Undervisnings- og læringsformer

Studiet er organisert som ei blanding av regionale samlingar, arbeid i lokal studiegruppe og arbeid på nettet. Det er derfor heilt nødvendig at kvar student har lett tilgang til datamaskin med nett-tilkopling. I studiet legg ein stor vekt på studentaktive læringsformer, der studenten er både mottakar, aktiv deltakar, rettleiar for medstudentar og observatør. Det blir lagt stor vekt på studentaktivitet på alle felt.

Arbeidsmappe: 10 obligatoriske innleveringar. Nokre av desse er individuelle, andre er gruppearbeid.

Læringsutbyte

Studenten skal

ha kunnskap om lesing og lesestrategiar

ha kunnskap om arbeid med elevtekstar på ungdomssteget, kjenne til avgangsprøva i grunnskulen og nasjonale prøvar.

ha kunnskap om litteratur og litterære metodar og kunne bruke denne kunnskapen på ungdomssteget

kunne leggje til rette for samanhengande undervisning i eldre og nyare litteratur i samsvar med kompetansemåla i LK06

kunne arbeide med emnet samansette tekstar

kunne bruke digitale verktøy i norskfaget

kunne leggje til rette for arbeid med tekstar i ulike sjangrar i undervisningssamanheng og sjølv kunne produsere slike tekstar

kjenne til ulike former for elevvurdering som er aktuelle på ungdomssteget

ha grunnleggjande kunnskap om undervisning i norsk som andrespråk

kjenne til korleis ein som lærar kan oppdage lese- og skrivevanskar

ha kunnskap om sakprosa-sjangrar og kunne leggje til rette for arbeid med slike sjangrar i skulen

Praksis

Allmennlærarstudentar i 3.studieår har to veker praksis.
Vidareutdanningsstudentar: praksis med omfang på to veker, til vanleg organisert som punktpraksis over lengre tid, gjerne på eigen arbeidsplass, der ein prøver ut faglege opplegg.

Arbeidskrav

Studentane skal kommentere innleveringar frå medstudentar og gje tilbakemelding på arbeid til kvarandre. Slikt arbeid er obligatorisk.

Frammøte: Det er obligatorisk frammøte til delar av undervisninga. Kva delar dette gjeld vil gå fram av samlingsoversikt som blir delt ut ved oppstarten av kvart semester.

Sluttvurdering

NO322

NO322 ME Mappevurdering: Fire av dei 10 obligatoriske innleveringane frå arbeidsmappa utgjer vurderingsgrunnlaget. To av desse blir trekte ut av høgskulen, og to vel studenten ut sjølv.

Vekting: 60 %

NO322 MU Individuell, munnleg eksamen. Studentane vert eksaminert med utgangspunkt i arbeiddsmappa (loddtrekning) og i pensum elles.
Vekting: 40 %

Bokstavkarakter A-F

Pensum

Førebels pensumliste blir delt ut ved starten av studiet.

Godkjent av
Revisjon godkjent av Dekan ALI

Godkjent dato
05.07.2004

Sist revidert av
Dekan ALI

Sist revidert dato
27.05.2010

Studieprogramkode (opptakskode)
216019