Matematikk 2

Skriv ut Utskrift med emner
Norsk namn
Matematikk 2

Engelsk namn
Mathematics 2

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
30

Organisering
Deltidsstudium, samlingsbasert. Bruk av nettet er sentralt, og alle studentane må disponere datamaskin med nett-tilgang.

Organisering 2
På studiestaden (Sogndal, Førde, Sandane) / On Campus

Normert studietid
1 år, deltid

Målgruppe

Valfritt fag i 3. og 4. studieår i den 4-årige allmennlærarutdanninga. Vidareutdanning for allmennlærarar.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse. Tilleggskrav: matematikk 1 eller tilsvarande.

Innhald / oppbygging

Dette er eit fagleg didaktisk emne i matematikk. Innhaldet i emnet er bygd opp av følgjande tema:

  • Funksjonslære som omfattar studiet av eigenskapar ved funksjonar
  • Statistikk og sannsynsrekning
  • Didaktikk som omfattar vurdering og refleksjon over praksis og over eiga læring.
Undervisnings- og læringsformer

Arbeidsformer på regionsamlingane er førelesingar og arbeid og øvingar i mindre grupper. Mellom samlingane føreset me aktiv bruk av studiegrupper. IKT, vert nytta aktivt som kommunikasjons- og informasjonskanal. IKT skal understøtte læringa og samhandlinga mellom studentane på regionsamlingar, på gruppesamlingar, i kontakt mellom studentar og mellom studentar og lærarar (informasjon, dialog, rettleiing). Internett skal nyttast til å innhente informasjon og kunnskap.

Læringsutbyte
  • Studentane skal ha eit fagleg og didaktisk grunnlag for å kunne planleggje, gjennomføre og vurdere matematikkundervisninga etter gjeldande læreplan for grunnskulen.
  • Studentane skal ha god forståing for og beherske sentrale matematiske omgrep
  • Studentane skal ha evne til undring og refleksjon, kritisk og kreativ tenking, problemløysing og samarbeid i arbeidet med matematikk
  • Studentane skal ha eit sjølvstendig, engasjert og utviklingsorientert forhold til matematikkundervisning
  • Studentane skal ha evne til å analysere eiga læring, eige forhold til matematikk og eiga undervisning
  • Studentane skal ha kunnskap om og forståing for matematikken sin plass og utvikling i ulike kulturar
Praksis

Studiet inneheld to veker praksis for studentar i allmennlærarutdanninga.

Undervisningspraksis er obligatorisk for studentar som tek faget som 3. studieår i allmennlærarutdanninga, eller studentar i 4. studieår som ikkje har fullført 20 vekers obligatorisk praksis i si allmennlærarutdanning. Studentar som ikkje tek studiet som ein del av allmennlærarutdanninga skal ikkje ha praksisopplæring.

Omfang av praksis i studiet (i prosent)
5 %

Arbeidskrav
  • Praksisrapport·   Praksisrapport for studentar som skal ha undervisningspraksis
  • Undervisningsrelatert arbeidskrav som studentar som ikkje treng praksis
  • Deltaking i 8 gruppearbeid:
    - Tre i statistikk og sannsynsrekning
    - Tre i funksjonslære
    - To i didaktikk
  • Obligatorisk oppmøte. Det er obligatorisk oppmøte til delar av undervisninga. Kva dette gjeld vil gå fram av undervisningsplanen.
Sluttvurdering

Haust:

MA 332 002 Individuell, skriftleg eksamen i funksjonslære, 1. semester,
Eksamenstid: 6 timar

Vår:
MA 332 001 Individuell, skriftleg eksamen i statistikk og sannsynsrekning, 2. semester,
Eksamenstid: 6 timar
MA 332 003 Individuell munnleg eksamen, 2. semester
Studentane vil bli eksaminerte i didaktisk teori med utgangspunkt i gruppeoppgåver og/eller praksisrapport.
Dei tre eksamenane bli vekta likt. Bokstavkarakter A-F.

Pensum

- Bjørnestad, H. m fl . Matematikk for økonomi og samfunnsfag. Høyskoleforlaget, 2007, 7. utgåve.

- Bjørnestad, Ø. Litt trigonometri. HSF 2004.

- Lysø, Knut Ole. Sannsynlighetsregning og statistisk metodelære. Caspar, 1. utgave 2. opplag 2006.

- Brekke, Gard. Introduksjon til diagnostisk undervisning i matematikk.
Nasjonalt læremiddelsenter, 1995.

- Gjone, Gunnar. Rettleiing til funksjonar. Nasjonalt læremiddelsenter, 1997.

- Lysø, Knut Ole. Sannsynlighetsregning – en fagdidaktiske innføring . Caspar, 2005

- HSF - kompendium med diverse artiklar

- Læreplanar for grunnskulen

Godkjent av
Revisjon godkjent av Dekan ALI

Godkjent dato
05.07.2004

Sist revidert av
Dekan ALI

Sist revidert dato
03.05.10

Studieprogramkode (opptakskode)
216012