Studiehandbok 10/11 / Studium / AVDELING FOR LÆRARUTDANNING... / Praktisk-pedagogisk utdanni... / Praktisk-pedagogisk utdanning, deltid (2010-12)  

Praktisk-pedagogisk utdanning, deltid (2010-12)

Skriv ut Utskrift med emner
Norsk namn
Praktisk-pedagogisk utdanning, deltid (2010-12)

Engelsk namn
Post Graduate Certificate in Education

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
60 studiepoeng

Organisering
Utdanninga omfattar 30 studiepoeng pedagogikk, 30 studiepoeng fag-/yrkesdidaktikk og 12 veker rettleidd praksis.

Studiet er eit deltidsstudium over to år. Undervisninga vil til vanleg føregå fredag og laurdag med om lag 7 samlingar og to vekesamlingar pr. studieår.


Organisering 2
På studiestaden (Sogndal, Førde, Sandane) / On Campus

Normert studietid
2 år

Innleiing

Til grunn for studieplanen ligg

  • Lov om universitet og høgskolar av 01. januar 2003
  • Rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning med forskrift fastsett 3. april 2003, UFD
Målgruppe

Studiet er retta inn mot studentar med yrkesfagleg utdanning, 3-årig profesjonsutdanning eller studentar med 3 års studium på universitet eller høgskule i relevante skulefag. Fagkompetansen avgjer kva for skuleslag og skulefag ein vert kvalifisert for.

Opptakskrav

Studiet byggjer på avslutta studium i fag/ yrke. Opptakskrava er

1) Generell studiekompetanse, fullført allmennfagleg universitets- eller høgskuleutdanning av minimum tre års omfang som kvalifiserer for undervisning i allmennfag i grunnskule eller vidaregåande opplæring
Opptak til studiet i fagdidaktikk krev minimum 60 studiepoeng.

2) Generell studiekompetanse, fullført tre- årig profesjonsretta universitets- eller høgskuleutdanning og minimum to års yrkespraksis som kvalifiserer for undervisning på yrkesfaglege studieretningar i vidaregåande opplæring

3) Generell studiekompetanse, fag-/sveinebrev eller anna fullført treårig yrkesutdanning på vidaregåande nivå, yrkesteoretisk utdanning og minimum to års yrkespraksis.

4) Realkompetansevurdering i høve søkjarar i kategori 3.

Innhald / oppbygging

Studiet er yrkesretta og praksisbasert og tar utgangspunkt i lærarens arbeidsfelt, prinsipp i opplæringslova og gjeldande læreplanar for grunnskule og vidaregåande skule. Didaktikk i vid meining er kjernen i pedagogikkstudiet og omfattar undervisningsarbeid, refleksjon og teori knytt til praksis.

Ulike tema i pedagogikk og didaktikk blir sett i samanheng og konkretisere til læraryrket.

Dei prioriteringane ein lærar står overfor, er avhengige av elevføresetnader og den sosiale og kulturelle konteksten lærar og elev er ein del av. Grunnlagstenking i pedagogikk opnar for å drøfte det verdigrunnlaget, dei målsetjingane og dei samfunnsoppgåvene skulen til ulike tider har. I diskusjonen om desse spørsmåla møtest fag-/yrkesdidaktikk og pedagogikk.

Studiet skal skape koplingar på tvers av fag og mellom yrkesfag og fellesfag. Yrkesfaga og fellesfaga byggjer på ulike danningstradisjonar, men begge tradisjonane har ein sentral plass i høve til det overordna siktepunktet for skulen om å skape gode arenaer for læring.

Innhaldet i studiet kan samanfattast i tre målområde, jf. kapittel 2.3 i rammeplanen:

læraren og eleven/lærlingen (A)

læraren og organisasjonen (B)

læraren og samfunnet (C)

Progresjonen i studiet og koplinga mellom fag-/yrkesdidaktikk og pedagogikk vert konkretisert i emneplanar for dei ulike modulane og i undervisningsplan ved studiestart.

Emne 1: Læraren og eleven/ lærlingen 30 sp

Tverrfagleg del i 1. år (pedagogikk 15 sp, fag/ yrkesdidaktikk 15 sp)

Emne 2: Læraren og eleven/lærlingen, organisasjon og samfunn 15 sp

Tverrfagleg del i 2. år (pedagogikk 15 sp, fag/ yrkesdidaktikk 15 sp)

Tverrfaglege tema/ fellestema

Gjennom studiet vil det bli gjennomført tverrfaglege tema og temadagar, på tvers av profesjonsutdanningar. Nokre tema vil bli gjennomført på tvers av fag på PPU (fellestema i didaktikk). Aktuelle er:

På tvers av lærarutdanningar

Fellestema på PPU på tvers av fag

Jobbsøkekurs

Barn/ungdom i utsette livssituasjonar

Studieteknikk

Likestillings- og kjønnsperspektiv

Den fleirkulturelle skulen

Internasjonalisering

Samarbeid heim – skule

Klassemiljø og læringsmiljø

IKT og digital kompetanse

Metakognisjon

Ekskursjonsmetodikk

Uteskule og fysisk aktivitet

Rettleiingav elevar/kollegarettleiing

Skrivekurs

Entreprenørskap

Storyline

Undervisnings- og læringsformer

Studentane møter ulike arbeidsmåtar i studiet og ein del av læringsarbeidet er basert på individuelt arbeid/ sjølvstudium. Det vert gjeve felles undervisning i pedagogikk og generell didaktikk. Undervisninga i fag- og yrkesdidaktikk vert gjeve i mindre grupper. Studentaktive og problembaserte læringsformer har ein sentral plass i studiet, til dømes arbeidsmåtar som kan knytast til entreprenørskap, samarbeidslæring, prosjektarbeid, studentbaserte opplegg med drøftingar i seminar.

Det blir lagt vekt på arbeidsmåtar som fremjar kritisk refleksjon og evne til å analysere praksis i lys av pedagogisk teori.

Bruk av ulike arbeidsformer gjennom arbeidet med pedagogikk, fag-/yrkesdidaktikk og praksis har som mål at studentane utviklar kompetanse for å tilpasse og variere arbeids- og undervisningsmåtar i opplæringa. Dette målet inneber at studentane skal:

  • vise innsikt i yrkesfeltet
  • vise evne til å sjå teori og praksis i samanheng, nytte eigne praksiserfaringar i arbeidet med teori
  • kunne planlegge, gjennomføre og vurdere læringsprosessar i ulike typar gruppearbeid og individuelt arbeid.
  • vise evne til kritisk refleksjon
  • ha medvit om, reflektere over og utvikle eigne læringsstrategiar

Fronter er viktig kommunikasjons- og læringsverktøy i studiet, og eit sentralt mål er utvikling av digital kompetanse bl.a. gjennom aktiv bruk av Fronter.

Studentrettleiing og lærarrettleiing er ein del av arbeidsprosessen. Alle studentar får tilbod om rettleiing innanfor fastsette tidsfristar på tekstar/ anna arbeid i studiet. Biblioteket er ein sentral samarbeidspartnar i arbeidsprosessen

Læringsutbyte
  • å kvalifisere studentar for lærararbeid på mellom- og ungdomstrinnet i grunnskulen, i vidaregåande opplæring og vaksenopplæring og medverke til studentane si personlege danning.
  • å utvikle fagleg og didaktisk kompetanse, sosial kompetanse, endrings- og utviklingskompetanse og yrkesetisk kompetanse.

Gjennom arbeid med teorietisk kunnskap, praksiserfaringar og didaktisk refleksjon innafor nemnde kompetanseområde skal studentane:

  • kunne grunngje pedagogiske og didaktiske val utifrå fagas eigenart og teori.
  • bruke analytiske og normative perspektiv i arbeidet med teori og praksis
  • bruke teori i refleksjon i/over læreprosessar i eigen undervisningspraksis og i pedagogisk utviklingsarbeid i samarbeid med ulike aktørar
  • sjå teori og praksis på dei ulike kompetanseområda i samanheng, bruke didaktikken i vid meining
Praksis

Praksis har eit samla omfang på 12 veker og er fordelt over to studieår. Praksis skal vere knytt til fag/fagområde som studenten har fått opptak til ved HSF.
Praksis er ein sentral læringsarena i utdanninga, på lik linje med undervisning i pedagogikk og fag/ yrkesdidaktikk.
Praksis er obligatorisk og vert vurdert til greidd/ikkje greidd.

Organisering av praksis

Studieår/

semester

Omfang 1)

Studentar med fellesfagleg bakgrunn*

Studentar med yrkesfagleg bakgrunn

Tema i praksisperioden

1.studieår
vårsemester

6 veker

3 +3 veker

Grunnskule

Vidaregåande skule/vaksen-opplæring I

Innføring til yrke

2. studieår

vårsemester

6 veker

3+3 veker

Vidaregåande skule

Vidaregåande skule/vaksen-opplæring I

Fokus på gjennomføring av pedagogisk utviklingsarbeid (PU-arbeid)2)

*For studentar med fellesfagleg bakgrunn, skal ein av praksisperiodane (3+3 v) gjennomførast i grunnskule (mellomsteget eller ungdomsskule) og ein periode (3+3 v) i vidaregåande skule.

1) 3+3 veker er definert som ein (1) praksisperiode, og skal gjennomførast ved same praksisinstitusjon, med same øvingslærar/øvingslærarteam
2) Gjennomføring av PU-arbeid i løpet av dei 3 siste vekene i praksisperioden

  • Alle studentar skal ha rettleidd praksis på minimum to ulike praksisinstitusjonar (6+6 veker). Studentar som er tilsett i undervisningsstilling i fag dei har formell kompetanse til å undervise i, kan søkje om å få gjennomføre praksis på eigen arbeidslass (skule/vaksenopplæring) i sitt 2.studieår, med ekstern rettleiar. For å få godkjent slik praksis, må studenten vere tilsett i minimum 50% stilling gjennom heile skuleåret. Rektor ved praksisskulen må godkjenne eit slikt praksisopplegg.
  • HSF har faste avtalar med praksisinstitusjonar om praksisgjennomføring. Praksisgjennomføringa går primært føre seg på praksisinstitusjonar i Sogn og Fjordane. For deltidsstudentar vil praksis så langt råd bli lagt til studenten sitt nærområde, i dagpendlaravstand, jf. Reglement for tildeling av praksisplass ved avdeling for lærarutdanning og idrett (Dekanvedtak 12/07).
  • Ein student kan trekkje seg frå praksis seinast to veker før praksis tek til. Den som trekkjer seg frå praksis etter fastsett frist utan gyldig grunn, har brukt opp eitt forsøk på å greie den aktuelle praksisperioden (jf Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, 01.01.2010).

Teieplikt
Studenten har teieplikt når det gjeld elevar i grunnskule - og vidaregåande skule, deira familietilhøve og personaltilhøva. Studenten er informert om gjeldande reglar for teieplikt og for skikkavurdering i utdanninga og skriv under eige skjema.

Poltitattest
Studentar som skal ta til på lærarutdanning må levere politiattest ved studiestart (jf Forskrift om opptak til høgre utdanning § 6-2 )

Arbeidsomfanget i praksisperiodane

I heile praksisperioden skal studenten ha eit arbeidsomfang tilsvarande 100 % stilling i skulen.

Type aktivitet i praksis

Tal timar /veke

Eiga undervisning 1)

Minimum 8 timar (maks 12) /veke

Undervisningsrelaterte aktivitetar 2)

Minimum 8 timar

Til saman 3)

Minimum 16 timar (maks 20)/veke

1) dersom 2 studentar har same fag, kan dei planlegge og gjennomføre maks 4 timar pr/veke saman

2) undervisningsrelaterte aktivitetar kan m.a. vere: observasjon av øvingslærar/ medstudentar, deltaking på samarbeidsmøte, teammøte og konferansetimar m.m.

3) eiga undervisning og deltaking i øvingslærar/medstudent si undervising

Rettleiing

Øvingslærar skal setje av tid til rettleiing (før- og etterrettleiing) i praksisperioden. I gjennomsnitt skal studentane ha 4 timar rettleiing pr. praksisveke (ved gruppe på 2 studentar vert rettleiingstida auka opp til 6 timar pr veke). Studentane skal ha praksis knytt til fag/ fagområde som dei formelt er kvalifiserte til å undervise i.

Om lag midtvegs i praksisperioden skal det gjennomførast ein midtvegssamtale. (jf Skjema for vurdering av praksis for PPU).

Praksisførebuande møte

I forkant av kvar hovudpraksisperiode (ca 1 veke før), vert det arrangert praksisførebuande møte for øvingslærarar. Obligatorisk deltaking.
Studentane har eiga praksisførebuing på studiesamling i forkant av kvar hovudpraksisperiode. Obligatorisk deltaking.

Vurdering av praksis

Praksisopplæring vert vurdert til ”greidd” eller ”ikkje greidd”. Jf Forskrift til Rammeplan for praktisk pedagogisk utdanning § 3 og Rammeplan for PPU kap. 2.4.

Vurdering av studenten sin kompetanse skal gjevast undervegs, og bevisstgjere studenten på dei områda han/ho må arbeide vidare med. Vurderinga skal relaterast til mål og målområde i rammeplanen for praksis. Praksisskulen skal nytte eige skjema for vurdering av praksis på PPU, med utgangspunkt i oppsette kriterium. Studenten si eigenvurdering av praksisperioden er ein del av denne praksisvurderinga.

Dersom det er tvil om ein student skal få godkjend ein praksisperiode, skal studenten i tillegg til vanleg rettleiing også få ei førebels skriftleg vurdering. Denne vurderinga skal klart gjere greie for vurderinga så langt og klargjere vilkår for ”greidd” praksis ved sluttvurdering. I slike tilfelle skal studieleiar informerast snarast mogleg. Til dette skal det brukast eige skjema som ligg på PPU si heimeside for praksis.

Kriterium for vurdering av praksis

Praksisskulen har medansvar for å hjelpe studenten til å utvikle seg som lærar. Studentane sin kompetanse skal vurderast i høve til dei ulike kompetansemåla i utdanninga: Fagleg kompetanse, didaktisk kompetanse, sosial kompetanse, endrings- og utviklingskompetanse og yrkesetisk kompetanse. Vurderinga skal gi konkret beskriving av studentens kompetanse på desse punkta:

1. Forhold til elevane

2. Bruk av ressursar og rammefaktorar
3. Mål med undervisninga
4. Innhaldet
5. Arbeidsmåtar
6. Vurdering
7. Lærarrolla
8. Mottakeleg for rettleiing

Dei to siste kriteria er særs viktige, fordi dei fokuserar på studenten sin utviklingsprosess.

Læraryrket stiller store krav til utviklings- og samarbeidsevne, noko som bør takast omsyn til når ein skal godkjenna studenten som lærar.

Samla kan desse kriteria vera retningsgjevande for kva krav som bør stillast for å bli godkjent som lærar.

Dei skal danna grunnlag for praksisskulen si vurdering av studenten sin kompetanse.

Skikkavurdering

Vurdering av om ein student er skikka for læraryrket, skal føregå gjennom heile studiet. Ein skil mellom løpande og særskild skikkavurdering. Den løpande skikkavurderinga skal føregå gjennom heile studiet. Særskild skikkavurdering begynner ved at tvilsmelding vert levert. Dersom det er tvil om ein student er skikka for læraryrket, må den som er i tvil, melde frå om tvilen til institusjonsansvarleg med kopi til studieleiar på eige skjema. Det formelle grunnlaget for skikkavurdering er heimla i Lov om universitet og høyskoler, §4-10. Dette er nærare omtala i Forskrift om skikkethetsvurdering, fastsett av Kunnskapsdepartementet.

Omfang av praksis i studiet (i prosent)
30%

Studieopphald i utlandet

Studenten kan søkje om å få tilrettelagt NordPlus-utveksling i samband med praksis. 

Arbeidskrav
  • Deltaking i all obligatorisk undervisning: Oppstartsveke, gruppeaktivitetar, praktiske aktivitetar, praksisverkstad, praksisoppsummeringar og møte i samband med praksis, gjennomføre ulike yrkesrelevante oppgåver for fellesskapet i klassen (t.d. utval, råd), fellestema i fag/ yrkesdidaktikk, temadagar på tvers av lærarutdanningane m.m.
  • Aktiv deltaking på nett gjennom deling av ressursar.
  •  Innlevering av 3 skriftlege tekstar som er knytt til pedagogikk og fag-/yrkesdidaktikk
  • Deltaking og presentasjon av studentarbeid.
  • Planlegging, gjennomføring og evaluering av eit pedagogisk utviklingsarbeid som gruppearbeid. Det er utarbeidd eigne retningslinjer for det pedagogiske utviklingsarbeidet.

Arbeidskrav vil fokusert på haldningar og ferdigheiter som studentane skal utvikle gjennom studiet.

Sluttvurdering

sjå emneplan

Pensum

Pensumliste vert presentert ved studiestart. I nokre emne i studiet vil det bli noko sjølvvalt pensum. 

Pensumlitteratur i pedagogikk og generell didaktikk

Det kan bli mindre endringar i litteraturlista

Grunnlagslitteratur:

Kunnskapsdepartementet (2006): Læreplanverket for Kunnskapsløftet

http://udir.no/templates/udir/TM_UtdProgrFag.aspx?id=2103

St.meld. nr. 31 (2007-2008): Kvalitet  i skolen. Kunnskapsdepartementet

http://www.regjeringen.no/nb/dep/kd/dok/regpubl/stmeld/2007-2008/stmeld-nr-31-2007-2008-.html?id=516853

UFD (2003): Rammeplan for praktisk- pedagogisk utdanning

 

UFD (2006): Lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova).

 

Fellespensum bøker:

Bergkastet, I., Dahl, L. og Hansen, K. A. (2009). Elevens læringsmiljø – lærerens muligheter. En praktisk håndbok i relasjonsorientert klasseledelse.  Oslo: Universitetsforlaget.

Dysthe, O. Hertzberg, F. og Hoel, T. L. (2010). Skrive for å lære. Skriving i høyere utdanning. Oslo: Abstrakt forlag.

Lassen, L. og Breilid, N. (2010). Den gode elevsamtalen. Oslo: Gyldendal Akademisk

Manger, T., S. Lillejord, T. Nordahl, T. Helland (2009): Livet i skolen 1. Grunnbok i pedagogikk og elevkunnskap. Bergen: Fagbokforlaget.

Manger, T., S. Lillejord, T. Nordahl, T. Helland (2010): Livet i skole 2. Grunnbok i pedagogikk og elevkunnskap: Lærerprofesjonalitet. Bergen: Fagbokforlaget.

Manger T. (2010). Det vet vi om Motivation og mestring. Fredrikshavn: Dafolo

Postholm, M. B. og Moen, T.(2009). Forsknings- og utviklingsarbeid i skolen. En metodebok for lærere, studenter og forskere. Oslo: Universitetsforlaget. (viktig 2. året på studiet!)

Skaalvik, E. M. og S. Skaalvik. (2009): Skolen som læringsarena. Selvoppfatning, motivasjon og

 læring. Oslo: Universitetsforlaget.

Tveit, A. (2010). Det vet vi om Anerkendelse, ros og klare regler i klasseværelset. Fredrikshavn: Dafolo

 

Aagre, W. (2006): Ungdomskunnskap. Hverdagslivets kulturelle former. Bergen: Fagbokforlaget

Fellespensum artikler:

Lista vil bli supplert etter kvart som artiklar vert delt ut og lagt i Mappa: Artiklar.

Brøntveit, E. og Duesund, K. (2010). Etikk i skolen. I Visjon og valg – om filosofi, etikk og livssyn.

Bergen: Fagbokforlaget.

Dale, E. L. (2009): Fellesskolens utfordring. I Bedre skole 1/2009

Smith, K. (200)): Samspillet mellom vurdering og motivasjons. I Dobson, S., Eggen, A. B. og Smith,

K. (2009). Vurdering, prinsipper og praksis. Nye perspektiver på elev- og læringsvurdering. Oslo:

Gyldendal Akademisk.

Sist revidert av
Dekan ALI

Sist revidert dato
30.04.2010

Studieprogramkode (opptakskode)
216401

Studiemodell PPU-deltid
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V)
PE307 Læraren og eleven/ lærlingen 30,00 O 15 15    
PE308 PPU: Læraren og eleven/ lærlingen,
organisasjon og samfunn
30,00 O     15 15
Sum: 15 15 15 15
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne
PE302 Praksis

Praksis i praktisk-pedagogisk utdanning har eit omfang på 12 veker rettleidd praksis. Praksis må vera gjennomført og greidd før vitnemål for utdanninga kan skrivast ut.