Studiehandbok 10/11 / Studium / AVDELING FOR LÆRARUTDANNING... / Idrett og friluftsliv / Idrett, fysisk aktivitet og helse, bachelorstudium  

Idrett, fysisk aktivitet og helse, bachelorstudium

Skriv ut Utskrift med emner
Norsk namn
Idrett, fysisk aktivitet og helse, bachelorstudium

Engelsk namn
Sports, Physical Activity and Health, Bachelor Programme

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
180 studiepoeng

Organisering
3 år heiltidsstudium

Organisering 2
På studiestaden (Sogndal, Førde, Sandane) / On Campus

Normert studietid
3 år

Målgruppe

Målgruppe er studentar som ønskjer ei samanhengande 3-årig idrettsutdanning og studentar som ønskjer å ta ei idrettsfagleg utdanning som kvalifiserer til etterfølgjande mastergradstudium i idrettsvitenskap og saman med PPU til master i tilpassa opplæring ved HSF.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse/realkompetanse.

Oppflyttingskrav til 2. og 3.studieår i bachelorutdanninga er fullført minimum 45 studiepoeng.

Studentar som har fullført idrett årsstudium eller tilsvarande, kan søkje om opptak til bachelorstudiet (2. og 3. studieår).

Studentar som har teke grunnfag idrett/årseining i kroppsøving ved andre høgskular kan innpassast på studiet. Studiet er også bygd opp slik at det skal vere mogleg å innpasse delar av andre fagutdanningar inntil 60 studiepoeng, og idrettsfaglege studium frå utlandet. Studiet er bygd opp nær bachelorstudiet " Fysisk aktivitet og helse" ved Norges Idrettshøgskole.

Innhald / oppbygging

Bachelorstudiet er bygd opp av 1. år bachelor idrett, 2. år bachelor idrett, fysisk aktivitet og helse og 3. år bachelor idrett, fysisk aktivitet og helse. Det siste semesteret i bachelorutdanninga inneheld valemne på tilsaman 30 studiepoeng.

1. studieår
Det er tilnærma like mykje undervisning i teoretiske og praktiske emne.
Studiet inneheld desse emna:
- Rørslelære, anatomi, motorikk, 10 sp
- Treningslære, 15 sp
- Idrett og samfunn, 10 sp
- Undervisningslære, praksis, 10 sp
- Aktivitetslære, 15 sp

2. studieår
- Humanfysiologi og treningslære (15 sp)
- Folkehelse, individ og samfunn (15 sp)
- Barn, unge, eldre og fysisk aktivitet (15 sp)
- Førebyggande fysisk aktivitet (15 sp)

3. studieår
- Bacheloroppgåve (15 sp)
- Tilpassa fysisk aktivitet (15 sp)
I vårsemesteret i 3. studieår vel studentane 30 sp valfrie emne. Studentane kan velje om dei vil ta dei valfrie emne ved HSF, annan høgskule, universitet i Norge eller i andre land. Valemna HSF kan tilby vil bli presentert for studentane ved studiestart.

Undervisnings- og læringsformer

Hovudarbeidsforma i dei teoretiske emna vil vere førelesingar, gruppe- og individuelt arbeid. I dei praktiske timane vil det metodiske grunnlaget vere sentralt, saman med eigendugleik og meistring av sentrale rørslemønster. Praktisk og teoretisk lærestoff blir integrert i timane.

Studentane får arbeidsoppgåver knytt til praktisk aktivitet, praksis, framleggingsoppgåver og innleveringsoppgåver gjennom studiet som skal stimulere til større eigenaktivitet.

Læringsutbyte

Etter fullført bachelorstudium i Idrett, fysisk aktivitet og helse skal kandidaten:
- ha grunnlag for vidare studium på mastergradnivå
- kunne planlegge, tilrettelegge, leie og gjennomføre fysisk aktivitet i helsefremjande og førebyggande arbeid
- ha god innsikt i idretten sin plass i samfunnet, og sjå samanhengar mellom fysisk aktivitet, livsstil og helse
- vere kvalifisert til ein yrkesfunksjon i den kommersielle treningsbransjen, i det offentlege, på institusjonar og med praktisk pedagogisk utdanning i skuleverket

Idrett, 1.år:
Etter fullført 1. år skal studenten:
- forklare, bruke og drøfte sentrale tema og problemstillingar innan fagområda idrett og sanfunn, rørslelære, anatomi, motorikk, treningslære og undervisningslære
 - syne ferdigheiter, forklare, bruke, observere, analysere og vurdere sentrale element i Aktivitetslære
 - vise kunnskap og ferdigheit i høve planlegging, organisering, tilrettelegging og rettleiing på ulike dugleiksnivå

Idrett, fysisk aktivitet og helse, 2. studieår:
Etter fullført 2.studieår skal studenten:
- ha basal kunnskap om humanfysiologi, treningslære og kroppens adaptasjon til trening
- ha teoretisk innsikt og forståing for fysisk aktivitet sin plass og funksjon i samfunnet, og kva fysisk aktivitet har å seia for kultur og helse
- gjennom sine faglege kvalifikasjonar og erfaringar kunne planlegge, tilrettelege, leie og gjennomføre fysisk aktivitet for friske personar
- Ha kunnskapar og innsikt i dei psykologiske prosessane som ligg bak helseåtferd
- ha kunnskap om folkehelsearbeidet på nasjonalt og regionalt plan
- ha teoretisk innsikt i samanhengar mellom fysisk aktivitet, livsstil og helse, samt å kunne legge til rette for fysisk aktivitet for personar med livsstilssjukdommar
- kunne gjennomføre praktisk arbeid i treningssenter og institusjonar
- Kunne gjennomføre eit avgrensa forskingsarbeid under vegleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske reglar

Idrett, fysisk aktivitet og helse, 3. studieår:
Etter fullført 3. studieår skal studenten:
- forstå samanhengar mellom fysisk aktivitet, livsstil og helse
- kunne planlegge, leie og gjennomføre fysisk aktivitet for individ/grupper med ulike diagnoser/helseproblem
- vere kvalifisert til yrkesfunksjon som rådgjevar i det offentlege, treningsrettleiar i den kommersielle treningsbransjen og idrettsinstruktør på institusjonar

Praksis

Det er innlagt praksis i alle tre studieåra.

Idrett, 1. studieår:
Skulepraksis for idrett går over 14 dagar. Grunnskule, vidaregåande skule eller folkehøgskule.

I praksisperioden skal studeneten:
- erfare kva som krevst av planleggingsarbeid i kroppsøvingsfaget
- prøve ut praktisk ulike arbeidsmåtar og undervisningsmetodar
- organisere aktivitetar
- erfare kroppsøvingslærarrolla i praksis
- reflektere over eigen og andre si undervisning
Krav til greidd praksis er at studenten viser evne til å planlegge, gjennomføre og reflektere over eigen undervisning og gjennomføre pålagde oppgåver

Idrett, fysisk aktivitet og helse, 2. studieår:
Yrkespraksis utgjer 3 veker samanhengande praksis i institusjon i vårsemesteret.
Praksisen er knytt til emnet ID3-211 Førebyggande fysisk aktivitet. Praksisen er tre veker der studentane observerar og deltek i treningsopplegget som er på institusjonen. I løpet av praksisperioden skal rettleiar orientera studenten/ane om det daglege arbeidet ved institusjonen og behandling/treningsopplegg dei nyttar for ulike personar. Rettleiar skal gje tilbakemelding til studenten på det arbeidet han gjennomfører.

Etter endt praksis skal studenten:
- ha tileigne seg kunnskap om korleis ein planlegg og gjennomfører treningsopplegg med brukargruppene
- forstå kva det vil sei å ha ansvar for dagleg hjelp, støtte og kontakt med brukarane
- ha forståing for korleis ein i treningsplanlegginga kan dra nytte av den teoretiske kunnskapen
 ein har tileigna seg i studiet
- forstå kva som krevst for å arbeide på eit helsesportsenter, rehabiliteringssenter eller institusjon

Studenten skal skrive ein praksisrapport. I etterkant av praksisperioden skal studentane legge fram for sine medstudentar erfaringar dei har tileigna seg i praksisperioden, og diskutere den med sine medstudentar.

Praksis og praksisrapport blir vurdert til greidd/ikkje greidd

Idrett, fysisk aktivitet og helse, 3. studieår:
All praksis er lagt til emnet ID3-305 Tilpassa fysisk aktivitet

Praksis 1: Treningsrettleiing 20 timar, organisert som punktpraksis.

Etter endt praksis skal studenten kunne utarbeide treningsprogram, rettleie under trening og styre progresjon i treninga for brukarar med ulike diagnosar; t.d. reumatiske sjukdomar, hjerte-/lungelidingar, nevrologiske lidingar og muskel-/skjelettlidingar.

Loggbok skal førast under heile praksisperioden. Studentane skal ha 4 timar rettleiing. Rettleiar disponerar desse timane saman med studentane. I oppsummeringa skal studentane diskutere praksiserfaringar og teoretiske kunnskapar både i plenum og i grupper. Dette vert gjennomført ved at studentane arbeider seg gjennom oppgåver som vert utlevert og som er eksamensrelaterte. Loggbok skal leverast til godkjenning.

Praksisen vert vurdert til greidd/ikkje greidd (både gjennomføring og loggbok må vera greidd).

Praksis 2: Førebyggande og helsefremande arbeid, 2 veker.

Etter endt praksis skal studentane kunne planleggje og gjennomføre ulike arbeidsoppgåver der fysisk aktivitet som helsefremande og/eller førebyggande tiltak er fokus.

Studenten skal påverke kva retning han ønskjer å få meir praktisk erfaring i ved sjølv å ønskje seg praksisplass. Praksisen vert gjennomført under rettleiing av personar som er godkjende av HSF Idrett.
Studenten skal utarbeide rapport med innhaldet:
- presentasjon av praksisplassen
- studenten sitt praksisansvar
- studenten sin utfordring
- formulere ei problemstilling frå praksisperioden og diskutere korleis den er løyst
- kva kunnskap, innsikt og erfaring sit studenten att med
Gjennom to samlingar skal studentane leggje fram praksiserfaring og diskutere problemstillinga i rapporten med gruppa.

Praksisen vert vurdert til greidd/ikkje greidd, der både praksisrapport, gjennomføring og presentasjon må vere bestått.

Omfang av praksis i studiet (i prosent)
8, 34%

Studieopphald i utlandet

Det er høve til studieopphald i utlandet i tredje studieår. Høgskulen har utvekslingsavtalar med institusjonar i Australia, USA og i Norden gjennom Erasmus og Nordplus-programma.

Arbeidskrav

Det er arbeidskrav knytt til kvart studieår. Arbeidskrava går fram av emneomtalane.

Det 3-årige bachelorstudiet i idrett, fysisk aktivitet og helse kan innehalde obligatoriske ekskursjonar/overnattingsturar som er definert som arbeidskrav. I samband med slike ekskursjonar må studentar ved HSF betale ein eigendel. Sjå HSF sitt felles reglement for dekning av bu- og reiseutgifter til studentane: www.hisf.no/no/ali/praksis 

Sluttvurdering

Studiet inneheld mappevurderingar, prøver i praktiske ferdigheiter, munnlege og skriftlege eksamenar. Vurderingsformene går fram av emneomtalane.

Pensum

Førebels pensumliste går fram av emneomtalane.

Godkjent av
Høgskulestyret

Godkjent dato
02.05.2002

Sist revidert av
Dekan ALI

Sist revidert dato
28.04.10

Studieprogramkode (opptakskode)
216440

Bachelor Idrett, fysisk aktivitet og helse. Emneplan for kull 2008
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
ID3-103 Undervisningslære, praksis 10,00 O 5 5        
ID3-101 Rørslelære, anatomi, motorikk 10,00 O 10          
ID3-102 Idrett og samfunn 10,00 O 10          
ID3-104 Aktivitetslære 15,00 O 7.5 7.5        
ID3-105 Treningslære 15,00 O   15        
ID3-212 Humanfysiologi og treningslære 15,00 O     15      
ID3-213 Folkehelsearbeid og helsepsykologi 10,00 O     10      
ID3-202 Helse, kultur og samfunn 10,00 O       10    
ID3-204 Bacheloroppgåve 15,00 O       15    
ID3-211 Førebyggande fysisk aktivitet 10,00 O       10    
ID3-305 Tilpassa fysisk aktivitet 15,00 O         15  
ID3-320 Barn, unge og eldre og fysisk aktivitet 10,00 O         10  
ID3-304 Ernæring 5,00 O         5  
ID3-316 Fordjuping Fitness 15,00 V           15
ID3-318 Fordjuping Klatring 15,00 V           15
ID3-311 Fordjuping Friluftsliv og psykisk helse 15,00 V           15
ID3-317 Fordjuping Fotball 15,00 V           15
ID3-310 Fordjuping Alpin skiferdsel 15,00 V           15
ID3-319 Fordjuping Volleyball 15,00 V           15
ID3-321 Fordjuping Ernæring 15,00 V           15
Sum: 32.5 27.5 25 35 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne
3.studieår Bachelor idrett, fysisk aktivitet og helse

I vårsemesteret vel studentane 30 sp valfrie emne. Studentane kan velje om dei vil ta dei valemne ved HSF, annan høgskule, universitet i Norge eller i andre land.


Bachelor Idrett, fysisk aktivitet og helse. Emnetabell for kull 2009 og kull 2010.
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
ID3-104 Aktivitetslære 15,00 O 7,5 7,5        
ID3-101 Rørslelære, anatomi, motorikk 10,00 O 10          
ID3-102 Idrett og samfunn 10,00 O 10          
ID3-105 Treningslære 15,00 O   15        
ID3-103 Undervisningslære, praksis 10,00 O   10        
ID3-212 Humanfysiologi og treningslære 15,00 O     15      
ID3-221 Folkehelse, individ og samfunn 15,00 O     15      
ID3-222 Førebyggande fysisk aktivitet 15,00 O       15    
ID3-223 Barn, unge og eldre og fysisk aktivitet 15,00 O       15    
ID3-302 Bacheloroppgåve 15,00 O         15  
ID3-305 Tilpassa fysisk aktivitet 15,00 O         15  
ID3-311 Fordjuping Friluftsliv og psykisk helse 15,00 V           15
ID3-319 Fordjuping Volleyball 15,00 V           15
ID3-310 Fordjuping Alpin skiferdsel 15,00 V           15
ID3-317 Fordjuping Fotball 15,00 V           15
ID3-318 Fordjuping Klatring 15,00 V           15
ID3-316 Fordjuping Fitness 15,00 V           15
ID3-321 Fordjuping Ernæring 15,00 V           15
Sum: 27,5 32,5 30 30 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne
3.studieår Bachelor Idrett, fysisk aktivitet og helse

I vårsemesteret vel studentane 30 sp valfrie emne. Studentane kan velje om dei vil ta valemne ved HSF, annan høgskule, universitet i Norge eller i andre land.