Idrett, 1.år bachelor

Skriv ut Utskrift med emner
Norsk namn
Idrett, 1.år bachelor

Engelsk namn
Physical Education, Sports

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
60 studiepoeng

Organisering
1 år heiltidsstudium i Sogndal



Organisering 2
På studiestaden (Sogndal, Førde, Sandane) / On Campus

Normert studietid
1 år

Målgruppe

Studiet er retta mot personar som ynskjer å undervise i kroppsøvingsfaget; hovudsakleg i grunnskule og vidaregåande skule, eller som ynskjer å ta ei friluftslivs eller idrett- og helseutdanning ved HSF eller andre institusjonar. Målgruppa er og personar som ynskjer å arbeide med frivillig idrettsarbeid eller innan naturbasert reiseliv. Ein del tek dette studiet før dei startar fysioterapi, sjukepleie, politiutdanning o.l.

Opptakskrav

Opptakskrav til studiet er generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Innhald / oppbygging

Det er tilnærma like mykje undervisning i teoretiske og praktiske emne.
Studiet inneheld desse emna:
Rørslelære, anatomi, motorikk, 10 sp
Treningslære, 15 sp
Idrett og samfunn, 10 sp
Undervisningslære, praksis, 10 sp
Aktivitetslære, 15 sp

Undervisnings- og læringsformer

Hovudarbeidsforma i dei teoretiske emna vil vere førelesingar, gruppe- og individuelt arbeid. I dei praktiske timane vil det metodiske grunnlaget vere sentralt, saman med fagkunnskap, eigendugleik og meistring av sentrale element i dei ulike aktivitetane. Praktisk og teoretisk lærestoff blir integrert i timane.

Studentane får arbeidsoppgåver knytt til praktisk aktivitet, praksis, framleggingsoppgåver og innleveringsoppgåver gjennom studiet som skal stimulere til større eigenaktivitet.

Læringsutbyte

Etter fullført årsstudium i idrett skal studenten kunne:
- forklare, bruke og drøfte sentrale tema og problemstillingar innan fagområda idrett og samfunn, rørslelære, anatomi, motorikk, treningslære og undervisningslære
- vise ferdigheiter, forklare, bruke, observere, analysere og vurdere sentrale element i Aktivitetslære
- vise kunnskap og ferdigheit i høve planlegging, organisering, tilrettelegging og rettleiing på ulike dugleiksnivå

Praksis

Skulepraksis for idrett tilsvarar 2 veker. Den blir gjennomført i grunnskule, vidaregåande skule eller folkehøgskule.

Omfang av praksis i studiet (i prosent)
5%

Arbeidskrav

Arbeidskrava går fram av emneomtalane.

Sluttvurdering

Sluttvurdering går fram av emneomtalane.

Pensum

Pensum går fram av emneomtalane.

Godkjent av
Høgskulestyret

Godkjent dato
02.05.2002

Sist revidert av
Dekan ALI

Sist revidert dato
06.04.10

Studieprogramkode (opptakskode)
216185

1. år bachelor idrett
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
ID3-101 Rørslelære, anatomi, motorikk 10,00 O 10  
ID3-102 Idrett og samfunn 10,00 O 10  
ID3-103 Undervisningslære, praksis 10,00 O 5 5
ID3-104 Aktivitetslære 15,00 O 7.5 7.5
ID3-105 Treningslære 15,00 O   15
Sum: 32.5 27.5
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne
Idrett årsstudium, desentralisert
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
 
ID3-121 Rørslelære, anatomi, motorikk 10,00 O
ID3-122 Idrett og samfunn 10,00 O
ID3-123 Undervisningslære, praksis 10,00 O
ID3-124 Aktivitetslære 15,00 O
ID3-125 Treningslære 15,00 O
Sum:
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne