Studiehandbok 10/11 / Studium / AVDELING FOR LÆRARUTDANNING... / Idrett og friluftsliv / Idrett og kroppsøving, bachelorstudium  

Idrett og kroppsøving, bachelorstudium

Skriv ut Utskrift med emner
Norsk namn
Idrett og kroppsøving, bachelorstudium

Engelsk namn
Sport and Physical Education

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
180 studiepoeng

Organisering
3 år heiltidsstudium

Organisering 2
På studiestaden (Sogndal, Førde, Sandane) / On Campus

Normert studietid
3 år

Målgruppe

Studiet er retta mot personar som ynskjer å undervise i kroppsøvingsfaget, trenarar, leiarar i idrett og andre organisasjonar som er opptekne av læringsproblematikk.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse/realkompetanse.

Oppflyttingskrav til 2. studieår i bachelorutdanninga er fullført minimum 45 studiepoeng etter 1. studieår.

Studentar som har fullført idrett årsstudium eller tilsvarande, kan søkje om opptak til bachelorstudiet (2. studieår)

Studentar som har teke grunnfag idrett/årseining i kroppsøving ved andre høgskular kan innpassast på studiet. Studiet er også bygd opp slik at det skal vere mogleg å innpasse delar av andre fagutdanningar inntil 60 studiepoeng, og idrettsfaglege studium frå utlandet.

Innhald / oppbygging

Bachelorstudiet er bygd opp av 1.år , 2.år og 3.år bachelor Idrett og Kroppsøving. Det siste semesteret i bachelorutdanninga inneheld valemne på tilsaman 30 studiepoeng.

1. studieår
Det er tilnærma like mykje undervisning i teoretiske og praktiske emne.
Studiet inneheld desse emna:
- Rørslelære, anatomi, motorikk, 10 sp
- Treningslære, 15 sp
- Idrett og samfunn, 10 sp
- Undervisningslære, praksis, 10 sp
- Aktivitetslære, 15 sp

2. studieår
- Ferdigheitslæring (15 sp)
- Aktivitetsfag (15 sp)
- Idrettsfordjupning (15 sp)
- Coaching (15 sp)

3. studieår
- Bacheloroppgåve (15 sp)
- Sport - kultur - leiing (15 sp)
I vårsemesteret i 3. studieår vel studentane 30 sp valfrie emne. Studentane kan velje om dei vil ta dei valfrie emne ved HSF, annan høgskule, universitet i Norge eller i andre land. Valemna HSF kan tilby vil bli presentert for studentane ved studiestart.

Undervisnings- og læringsformer

Hovudarbeidsforma i dei teoretiske emna vil vere førelesingar, gruppe- og individuelt arbeid. I dei praktiske timane vil det metodiske grunnlaget vere sentralt, saman med eigenferdigheit og analyse av ferdigheiter. Praktisk og teoretisk lærestoff blir integrert i timane. Biblioteket underviser i søk i databasar og kritisk bruk av kjelder.

Læringsutbyte

 Etter fullført bachelorstudium i Idrett og kroppsøving skal kandidaten:
- ha innsikt i idrett og kroppsøving som fagområde
- forstå ferdigheitslæring i praksis.
- forstå kva som krevst i ein idrett/aktivitet på eit høgt nivå.
- ha grunnlag for vidaregåande studium på mastergradnivå
- kunne planlegge, tilrettelegge, leie og gjennomføre fysisk aktivitet i ulike skuleslag og i den frivillige idretten.
- ha innsikt i idretten sin plass i samfunnet.
- vere kvalifisert til ein yrkesfunksjon i den kommersielle treningsbransjen, på institusjonar og med praktisk pedagogisk utdanning vere kvalifisert som lærar i skuleverket

Idrett, 1.år:
Etter fullført 1. år skal studenten kunne:
- forklare, bruke og drøfte sentrale tema og problemstillingar innan fagområda idrett og sanfunn, rørslelære, anatomi, motorikk, treningslære og undervisningslære
- syne ferdigheiter, forklare, bruke, observere, analysere og vurdere sentrale element i Aktivitetslære
- vise kunnskap og ferdigheit i høve planlegging, organisering, tilrettelegging og rettleiing på ulike dugleiksnivå

Idrett og Kroppsøving, 2. studieår
Etter fullført 2.studieår skal studenten:
- ha heilskapleg forståing av læringsprosessen som ein utøvar/instruktør gjennomgår når vedkomande tileignar seg kroppslege ferdigheiter i ulike læringskontekstar
- gjennom sine faglege kvalifikasjonar og erfaringar kunne planlegge, tilrettelegge, leie og gjennomføre fysisk aktivitet
- ha kunnskap på eit høgare nivå om coaching
- forstå kva som krevst i ein idrett/aktivitet på eit høgt nivå

Idrett og Kroppsøving, 3. studieår:
Studentane skal etter fullført 3. studieår:
- ha teoretisk innsikt i idretten sin plass i samfunnet.
- ha kunnskap om sportsjournalistikk og kunne reflektere kritisk over media si sportsdekning
- ha innsikt i idrett, organisasjon og leiing
- kunne gjennomføre forskingsarbeid under vegleiing i tråd med gjeldande forskingsetiske reglar.

Praksis

1. året:Skulepraksis som går over 14 dagar i grunnskule, vidaregåande skule eller folkehøgskule

2. året: Punktpraksis, der ein skal følgje ein utøvar/ar/gruppe over tid

3. året: Leiingspraksis

Studieopphald i utlandet

Det er høve til studieopphald i utlandet vårsemesteret i tredje studieår. Høgskulen har utvekslingsavtalar med institusjonar i Australia, USA og i Norden gjennom Erasmus og Nordplus-programma.

Arbeidskrav

Arbeidskrava går fram av emneomtalane

Sluttvurdering

Sluttvurdering går fram av emneomtalane.

Pensum

Pensum går fram av emneomtalane.

Godkjent av
Studieutvalet

Godkjent dato
14.05.08

Sist revidert av
studieleiar

Sist revidert dato
28.04.10

Studieprogramkode (opptakskode)
216504

Idrett og Kroppsøving bachelorstudium kull 2009 og kull 2010
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
ID3-104 Aktivitetslære 15,00 O 7,5 7,5        
ID3-101 Rørslelære, anatomi, motorikk 10,00 O 10          
ID3-102 Idrett og samfunn 10,00 O 10          
ID3-103 Undervisningslære, praksis 10,00 O   10        
ID3-105 Treningslære 15,00 O   15        
ID3-214 Ferdigheitslæring 15,00 O     15      
ID3-216 Aktivitetsfag 15,00 O     15      
ID3-218 Idrettsfordjuping 15,00 O       15    
ID3-219 Coaching 15,00 O       15    
ID3-217 Sport - kultur - leiing 15,00 O         15  
ID3-302 Bacheloroppgåve 15,00 O         15  
ID3-317 Fordjuping Fotball 15,00 V           15
ID3-316 Fordjuping Fitness 15,00 V           15
ID3-319 Fordjuping Volleyball 15,00 V           15
ID3-318 Fordjuping Klatring 15,00 V           15
ID3-310 Fordjuping Alpin skiferdsel 15,00 V           15
ID3-311 Fordjuping Friluftsliv og psykisk helse 15,00 V           15
ID3-321 Fordjuping Ernæring 15,00 V           15
Sum: 27,5 32,5 30 30 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne
Bachelorstudium Idrett og Kroppsøving, kull 2008
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
ID3-103 Undervisningslære, praksis 10,00 O 5 5        
ID3-102 Idrett og samfunn 10,00 O 10          
ID3-104 Aktivitetslære 15,00 O 7,5 7,5        
ID3-101 Rørslelære, anatomi, motorikk 10,00 O 10          
ID3-105 Treningslære 15,00 O   15        
ID3-219 Coaching 15,00 O     15      
ID3-214 Ferdigheitslæring 15,00 O     15      
ID3-216 Aktivitetsfag 15,00 O     5 10    
ID3-218 Idrettsfordjuping 15,00 O       15    
ID3-217 Sport - kultur - leiing 15,00 O         15  
ID3-302 Bacheloroppgåve 15,00 O         15  
ID3-310 Fordjuping Alpin skiferdsel 15,00 V           15
ID3-316 Fordjuping Fitness 15,00 V           15
ID3-311 Fordjuping Friluftsliv og psykisk helse 15,00 V           15
ID3-318 Fordjuping Klatring 15,00 V           15
ID3-317 Fordjuping Fotball 15,00 V           15
ID3-319 Fordjuping Volleyball 15,00 V           15
ID3-321 Fordjuping Ernæring 15,00 V           15
Sum: 32,5 27,5 35 25 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne