Friluftsliv, bachelorstudium

Skriv ut Utskrift med emner
Norsk namn
Friluftsliv, bachelorstudium

Engelsk namn
Friluftsliv (outdoor life)

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
180 studiepoeng

Organisering
3 år heiltidsstudium

Organisering 2
På studiestaden (Sogndal, Førde, Sandane) / On Campus

Normert studietid
3 år

Målgruppe

Målgruppa er studentar som ønskjer ei samanhengande 3-årig friluftsliv/idrettsutdanning og studentar som ønskjer å ta ei friluftslivsutdanning som kvalifiserer til etterfølgjande mastergradstudium i friluftsliv.

2. studieår er også ope for studentar som ynskjer å ta eit årsstudium i friluftsliv. Studiet er retta mot personar som ønskjer å arbeide med friluftsliv i skuleverket, innan frivillige institusjonar, helse- rehabilitering eller innanfor den naturbaserte reiselivsbransjen.

Opptakskrav

Opptakskrav til bachelorstudiet i friluftsliv er generell studiekompetanse.

Studentar som har fullført idrett årsstudium eller tilsvarande, kan søkje om opptak til bachelorstudiet (2. og 3.år). Oppflyttingskrav til 2. studieår i bachelorutdanninga er fullført minimum 45 studiepoeng.

Innhald / oppbygging

Studiet inneheld
1. år bachelor idrett, 2. år bachelor friluftsliv, og 3. år bachelor friluftsliv. Det siste semesteret i bachelorutdanninga inneheld valemne på tilsaman 30 studiepoeng.

1. studieår
Det er tilnærma like mykje undervisning i teoretiske og praktiske emne.
Studiet inneheld desse emna:
- Rørslelære, anatomi, motorikk, 10 sp
- Treningslære, 15 sp
- Idrett og samfunn, 10 sp
- Undervisningslære, praksis, 10 sp
- Aktivitetslære, 15 sp

2. studieår
- Friluftsliv bre/fjell og naturkjennskap (15 sp)
- Friluftslivs pedagogikk (15 sp)
- Friluftsliv vinter (15 sp)
- Friluftsliv, kultur og samfunn (15 sp)

Kunnskap om entreprenørskap i friluftsliv vert formidla gjennom studieåret og avslutta i siste emne.

3. studieår
- Bacheloroppgåve (15 sp)
- Klatring og naturbasert turisme (15 sp)
I vårsemesteret i 3. studieår vel studentane 30 sp valfrie emne. Studentane kan velje om dei vil ta dei valfrie emne ved HSF, annan høgskule, universitet i Norge eller i andre land. Valemna HSF kan tilby vil bli presentert for studentane ved studiestart.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisnings- og læringsformene er varierte og vil veksle mellom førelesningar, gruppearbeid, individuelt arbeid og ekskursjonar. Nærare omtale vil gå fram av dei einskilde emneomtalane.

Lærestoffet skal så langt som råd verte integrert og erfart i den praktiske undervisninga. På turar og ekskursjonar vil metodiske vurderingar stå sentralt, saman med høg eigendugleik og meistring av ferdigheitar innan friluftsliv.

Studentane skal gjennom studiet etablere refleksjonsblogg i samband med alle gjennomførte ekskursjonar. Studentane får framleggingsoppgåver (30 -40 min. i tildelt tema) og andre innleveringsoppgåver som skal stimulere til eigenaktivitet. Det vert forventa at studentane tek ansvar både for planlegging og føring av turar i ulike miljø.

Læringsutbyte

Etter fullført bachelorstudium i friluftsliv skal kandidaten:
- syne grunnleggande praktiske ferdigheitar i friluftsliv, med utgangspunkt i den natur og kultur som finnast i regionen
- kunne formidle kunnskap innan friluftsliv, planlegge og gjennomføre utvalde friluftslivsaktivitetar
- ha kunnskap, innsikt og evne til kritisk vurdering av verdiar og holdningar som pregar vår levemåte og ulike former for friluftsliv, samt dei konsekvensar disse har for forholdet mellom menneske, natur, kultur og samfunn
- selvstendig kunne fortsette egen kompetanseutvikling og spesialisering innan praksisfeltet til friluftsliv
- kjenne til og kunne bruke relevante metoder for forsking og vitenskapelig utviklingsarbeid innan friluftsliv

Etter fullført årsstudium i idrett skal kandidaten:
- forklare, bruke og drøfte sentrale tema og problemstillingar innan fagområda idrett og samfunn, rørslelære, anatomi, motorikk, treningslære og undervisningslære
- syne ferdigheiter, forklare, bruke, observere, analysere og vurdere sentrale element i Aktivitetslære
- vise kunnskap og ferdigheit i høve planlegging, organisering, tilrettelegging og rettleiing på ulike dugleiksnivå

Etter fullført 2. år friluftsliv skal kandidaten:
- kunne anvende sine faglige kunnskapar og spesifikke ferdigheitar i nærmiljøet og i utvalde miljø som bre, fjell og vatn til ulike årstider
- ha grunnleggande kunnskap og erfaring i å planlegge, organisere og rettleie for ulike typar friluftsliv, naturleikeplass og uteskule
- ha generell kunnskap om normer, regler og lover knytt til utøving av friluftsliv

- ha innsikt i filosofiske, samfunnsmessige og pedagogiske problemstillingar knytt til friluftsliv
- ha kunnskap om aktiv bruk av IKT og spesifikt blogg som formidlingsverktøy
- kunne etablere, drifte og avvikle ei studentbedrift knytt til friluftsliv

Etter fullført 3. år friluftsliv skal kandidaten:
- Selvstendig kunne fortsette egen kompetanseutvikling og spesialisering innan klatring, naturbasert opplevelsesturisme og vegledarrolla i friluftsliv
- kjenne til og kunne bruke relevante metoder for forsking og vitenskaplig utviklingsarbeid innan friluftsliv

Praksis

Det er innlagt praksis i første og andre studieår.

1.år idrett:
Skulepraksis for idrett går over 14 dagar. Grunnskule og vidaregåande skule.

2.år friluftsliv:
10 dagar med praktisk entrenpenørskap i vårsemesteret

Omfang av praksis i studiet (i prosent)
5%

Studieopphald i utlandet

Høgskulen har utvekslingsavtalar med universitet og høgskular i Australia, USA og i Norden gjennom Erasmus og Nordplus- programma. Det er spesielt lagt til rette for studieopphald i utlandet i tredje studieår.

Arbeidskrav

Det er arbeidskrav knytt til kvart studieår. Arbeidskrava går fram av emneomtalane.

Det treårige bachelor studiet i friluftsliv inneheld mange obligatoriske ekskursjonar og overnattingsturar som er definert som arbeidskrav. I samband med slike ekskursjonar må studentar ved HSF være budd på å betale ein eigenandel. Vi viser til HSF sitt fellesreglement for dekking av bu – og reiseutgifter: www.hisf.no/no/ali/praksis 

Sluttvurdering

Evalueringsformene skal gjenspegle innhaldet i studiet og omfattar: mappe, munnlege og skriftlege eksamenar.

Pensum

Førebels pensumliste finn du i emneplanane.

Godkjent av
Studieutvalet

Godkjent dato
26.05.2004

Sist revidert av
Dekan ALI

Sist revidert dato
28.04.10

Studieprogramkode (opptakskode)
216302

Bachelor Friluftsliv
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
ID3-101 Rørslelære, anatomi, motorikk 10,00 O 10          
ID3-102 Idrett og samfunn 10,00 O 10          
ID3-103 Undervisningslære, praksis 10,00 O 5 5        
ID3-104 Aktivitetslære 15,00 O 7.5 7.5        
ID3-105 Treningslære 15,00 O   15        
ID3-206 Friluftsliv bre/fjell og naturkjennskap 15,00 O     15      
ID3-207 Friluftslivspedagogikk 15,00 O     15      
ID3-208 Friluftsliv vinter 15,00 O       15    
ID3-209 Friluftsliv, kultur og samfunn 15,00 O       15    
ID3-301 Klatring og naturbasert turisme 15,00 O         15  
ID3-302 Bacheloroppgåve 15,00 O         15  
ID3-311 Fordjuping Friluftsliv og psykisk helse 15,00 V           15
ID3-310 Fordjuping Alpin skiferdsel 15,00 V           15
ID3-316 Fordjuping Fitness 15,00 V           15
ID3-317 Fordjuping Fotball 15,00 V           15
ID3-318 Fordjuping Klatring 15,00 V           15
ID3-319 Fordjuping Volleyball 15,00 V           15
ID3-321 Fordjuping Ernæring 15,00 V           15
Sum: 32.5 27.5 30 30 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne
6. semester

I 6.semester kan studentane velje ulike valfag. Studentane kan også velge andre emne frå høgskulen/andre institusjonar eller studieopphald i utlandet.