Studiehandbok 10/11 / Studium / AVDELING FOR INGENIØR- OG N... / Fornybar energi, bachelorprogram  

Fornybar energi, bachelorprogram

Skriv ut Utskrift med emner
Norsk namn
Fornybar energi, bachelorprogram

Engelsk namn
Renewable Energy, Bachelor Programme

Undervisningsspråk
Norsk og engelsk

Studiepoeng
180

Organisering
Heiltid
Studiet er sett saman av emne frå Avdeling for ingeniør og naturfag (AIN) og Avdeling for økonomi, ledelse og reiseliv (AØR).

Organisering 2
På studiestaden (Sogndal, Førde, Sandane) / On Campus

Normert studietid
3 år

Innleiing

Menneskeskapte klimaendringar, større behov for energisikkerheit og muligheiter for næringsutvikling har i seinare tid sett fokus på auka produksjon og bruk av fornybar energi. I tillegg til rein teknologisk kompetanse, reiser dette fokuset eit behov for heilskapleg og tverrfagleg kompetanse der teknologi, miljø og økonomi vert sett i ein samanheng. Det vil i studiet bli lagt vekt på å utvikle slik heilskapleg og tverrfagleg kompetanse, med vekt på grunnleggande kunnskap om energiteknologi, økonomi, miljø og arealplanlegging.
Utdanninga gir god bakgrunn for jobb i energibedrifter, konsulentselskap, organisasjoner og offentlig forvaltning med oppgåver innan fornybar energi. Bachelorgraden dannar grunnlag for søknad om opptak på masterprogram ved NTNU, NHH og UMB.

Studieplanen inneheld nokre emne der sluttvurderinga kan bli endra før studiestart.

Målgruppe

Miljøbevisste personar med interesse for fornybar energi.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Innhald / oppbygging

Bachelorprogrammet er treårig på i alt 180 studiepoeng. Av desse er 120 studiepoeng obligatoriske, der emne som geologi, økologi, forvaltning, GIS, matematikk, statistikk, bedriftsøkonomi, tre emne om fornybar energi og bacheloroppgåve inngår.
Studentane kan velje om dei vil ta eit år (60 studiepoeng) med fordjuping i økonomifag med sikte på å ta ein mastergrad i den retning, eller eit år med fordjuping i planlegging og geofag med sikte på å ta mastergrad i den retning. Frist for val av fordjuping er 1. desember i 3. semester.

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar og gjesteforelesingar, lab- og feltarbeid, ekskursjonar, gruppe- og prosjektoppgåver, seminar. Ved ekskursjonar og feltarbeid må studentane vere budde på å betale ein eigendel for reise og opphald (Jfr: Reglement for dekking av bu og reiseutgifter for studentar). Nærare omtale av undervisnings- og læringsformer går fram av omtalen av dei einskilde emna.

Læringsutbyte

Etter fullført studium skal kandidatane:
- Ha spesiell kompetanse i fornybar energi. Dette gjeld bruk av bioenergi, vindenergi, vasskraft, solenergi m.v.
- Ha ei grunnleggande forståing av energisystemet knytt til produksjon, distribusjon og bruk av energi.
- Ha oversikt over dei viktigaste teknologiane som inngår i energisystemet, med hovudvekt på fornybare energiteknologiar.
- Ha kunnskap om ulike metodar for å analysere miljøkonsekvensane av produksjon og bruk av energi.
- Ha oversikt over dei viktigaste økonomiske og administrative verkemidla knytt til auka produksjon og bruk av fornybar energi.
- Ha grunnleggande kompetanse innan matematikk, fysikk, geologi, økologi, geografiske informasjonssystem (GIS), metode og statistikk og bedriftsøkonomi.
- Ha evne til å arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre
- Ha evne til å gjere greie for sine kunnskapar og oppnådde resultat skriftleg og munnleg

Kandidatar med valretning plan- og geofag skal i tillegg:
- Ha kompetanse innan klimaendringar, geofarar og hydrologi.
- Ha kunnskap om offentleg planlegging og forvaltning.
- Ha røynsle i areal- og reguleringsplanlegging

Kandidatar med valretning økonomi skal i tillegg:
- Kunne evaluere den bedriftsøkonomiske lønsemda til prosjekt innan fornybar energi og kunne evaluere ein del av dei samfunnsøkonomiske konsekvensane.
- Ha kompetanse innan samfunnsøkonomi (mikro og makro), marknadsføring, finansrekneskap, driftsrekneskap, budsjettering, investering, finansiering og organisasjonsteori.

Emneomtalane gjev nærare informasjon om læringsutbyte.

Studieopphald i utlandet

Det er lagt til rette for studieopphald i utlandet i fjerde eller femte semester. Avdeling for ingeniør- og naturfag (AIN) har samarbeidsavtaler for studentutveksling med universitet og høgskular i Nederland, Polen, Sverige, Tyskland og USA. Emnevalet skal førehandgodkjennast av HSF.

Arbeidskrav

Fleire emne har obligatoriske arbeidskrav enten i form av laboratorieøvingar, feltarbeid, ekskursjonar eller skriftlege oppgåver, delvis i kombinasjon med munnlege presentasjonar. Godkjende arbeidskrav er eit vilkår for å framstille seg til eksamen i dei aktuelle emna. Emneomtalane gjev nærare informasjon om arbeidskrav.

Sluttvurdering

Evalueringsformene er varierte og kan vere skriftleg eller munnleg eksamen, evaluering av oppgåver, studentpresentasjonar. Nærare opplysningar er gitt under dei einskilde emneomtalane.

Pensum

Dette går fram av dei einskilde emneomtalane.

Godkjent av
Studieutvalet

Godkjent dato
21.05.2010

Sist revidert av
Helge Hustveit

Sist revidert dato
03.05.2010

Studieprogramkode (opptakskode)
216835

Fornybar energi, bachelorstudium. Fordjuping i planfag og geofag
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
GE406 Geologi grunnkurs 10,00 O 10          
FE400 Energi, teknologi og miljø 10,00 O 10          
GE413 Kartlære og GIS 10,00 O 10          
FY400 Innføring i fysikk 10,00 O   10        
BI445 Generell økologi 10,00 O   10        
FE401 Miljø- og energipolitikk 10,00 O   10        
MA6-100 Matematikk 10,00 O     10      
BØ6-101 Innføring i rekneskap og
bedriftsøkonomi
10,00 O     10      
ME6-200 Samfunnsvitskapleg metode og statistikk 10,00 O     10      
GE483 Climate Change 10,00 O       10    
GE484 Geohazards 10,00 O       10    
PL413 Naturforvaltning og offentleg
sakshandsaming
10,00 O       10    
PL432 Arealplanlegging 10,00 O         10  
PL436 Reguleringsplanlegging 10,00 O         10  
GE482 Hydrologi og hydrogeologi 10,00 O           10
FE402 Aktuelle tema i fornybar energi 10,00 O           10
FE403 Bacheloroppgåve i fornybar energi 20,00 O         10 10
Sum: 30 30 30 30 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne
Fornybar energi, bachelorstudium. Fordjuping i økonomifag
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
GE406 Geologi grunnkurs 10,00 O 10          
FE400 Energi, teknologi og miljø 10,00 O 10          
GE413 Kartlære og GIS 10,00 O 10          
FY400 Innføring i fysikk 10,00 O   10        
BI445 Generell økologi 10,00 O   10        
FE401 Miljø- og energipolitikk 10,00 O   10        
MA6-100 Matematikk 10,00 O     10      
BØ6-101 Innføring i rekneskap og
bedriftsøkonomi
10,00 O     10      
ME6-200 Samfunnsvitskapleg metode og statistikk 10,00 O     10      
SØ6-101 Samfunnsøkonomi (makro) 10,00 O       10    
OR6-102 Marknadsføring 10,00 O       10    
BØ6-102 Finansrekneskap med analyse 10,00 O       10    
BØ6-200 Driftsrekneskap, budsjettering,
investering og finansiering
10,00 O         10  
SØ6-200 Samfunnsøkonomi (mikro) 10,00 O         10  
OR6-101 Organisasjonskunnskap 10,00 O         10  
FE402 Aktuelle tema i fornybar energi 10,00 O           10
FE403 Bacheloroppgåve i fornybar energi 20,00 O           20
Sum: 30 30 30 30 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne
Bachelor Programme in renewable Energy. Major – Planning and Geological Sciences
Code Course title Credits O/V *) Credits pr. semester
  S1(A) S2(S) S3(A) S4(S) S5(A) S6(S)
GE406 Introduction to Geology 10,00 O 10          
FE400 Energy, Thechnology and the Environment 10,00 O 10          
GE413 Cartography and Geographical Information
Systems
10,00 O 10          
FY400 Introduction to Physics 10,00 O   10        
BI445 General Ecology 10,00 O   10        
FE401 Environmental- and energy politics 10,00 O   10        
MA6-100 Mathematics 10,00 O     10      
BØ6-101 Introduction to Financial and Managerial
Accounting
10,00 O     10      
ME6-200 Methods of Social Research and
Statistics
10,00 O     10      
GE483 Climate Change 10,00 O       10    
GE484 Geohazards 10,00 O       10    
PL413 10,00 O       10    
PL432 Land use Planning 10,00 O         10  
PL436 Local Development Planning 10,00 O         10  
FE403 Bachelor Thesis in Renewable Energy 20,00 O         10 10
GE482 Hydrology and hydrogeology 10,00 O           10
FE402 Selected topics in the field of
renewable energy
10,00 O           10
Total: 30 30 30 30 30 30
*) O - Mandatory course, V - Optional course
Bachelor Programme in renewable Energy. Major – Economic sciences
Code Course title Credits O/V *) Credits pr. semester
  S1(A) S2(S) S3(A) S4(S) S5(A) S6(S)
GE406 Introduction to Geology 10,00 O 10          
FE400 Energy, Thechnology and the Environment 10,00 O 10          
GE413 Cartography and Geographical Information
Systems
10,00 O 10          
FY400 Introduction to Physics 10,00 O   10        
BI445 General Ecology 10,00 O   10        
FE401 Environmental- and energy politics 10,00 O   10        
MA6-100 Mathematics 10,00 O     10      
BØ6-101 Introduction to Financial and Managerial
Accounting
10,00 O     10      
ME6-200 Methods of Social Research and
Statistics
10,00 O     10      
BØ6-102 Financial Accounting, Analysis and
Valuation
10,00 O       10    
OR6-102 Marketing 10,00 O       10    
SØ6-101 Macroeconomics 10,00 O       10    
BØ6-200 Cost Accounting, Investment and Finance 10,00 O         10  
SØ6-200 Microeconomics 10,00 O         10  
OR6-101 Organization Theory 10,00 O         10  
FE402 Selected topics in the field of
renewable energy
10,00 O           10
FE403 Bachelor Thesis in Renewable Energy 20,00 O           20
Total: 30 30 30 30 30 30
*) O - Mandatory course, V - Optional course