Studiehandbok 10/11 / Studium / AVDELING FOR INGENIØR- OG N... / Geologi og geofare, bachelorprogram  

Geologi og geofare, bachelorprogram

Skriv ut Utskrift med emner
Norsk namn
Geologi og geofare, bachelorprogram

Engelsk namn
Geology and Geohazards, Bachelor Programme

Undervisningsspråk
Norsk (120stp) og engelsk (60stp)

Studiepoeng
180

Organisering
Heiltid.


Organisering 2
På studiestaden (Sogndal, Førde, Sandane) / On Campus

Normert studietid
3 år

Innleiing

Det 3-årige bachelorstudiet i Geologi og geofare er ei sjølvstendig yrkesutdanning som dannar grunnlag for mastergradsstudium i geologi ved universiteta. Avdeling for ingeniør– og naturfag (AIN) tilbyr ei praktisk opplæring i geologiske emne retta mot aktuelle samfunnsbehov innanfor offentlig forvaltning og privat næringsliv. Sogn og Fjordane, og Vestlandet generelt, byr på variert geologi som aktivt vert nytta ved ekskursjonar og feltarbeid. Studiet er på 180 studiepoeng og bygt opp av emne på 10 studiepoeng kvar. I dei tre første semestera vert det undervist i realfaglege og geologiske grunnemne. Det fjerde semesteret har fokus på temaet geofarar og klimaendringar (Geohazards and Climate Change), og vert undervist på engelsk. Ein slik tilleggskompetanse i bruk av engelsk fagspråk er ein stor fordel for vidare studium innan faget og ved jobb i t.d. petroleumsnæringa. Femte semester er lagt til rette for valemne innan temaet Geologi og økologi (From Mountain to Fjord), planfag eller studieopphald ved utanlandske eller norske universitet. I det siste semesteret skal studentane gjennomføre ei avsluttande bacheloroppgåve.

Målgruppe

Studiet høver for alle som ønskjer å ta ei utdanning innan geologi med spesielt fokus på geofarar. Det høver også for dei som ønskjer ein tverrfagleg kombinasjon av realfaglege basisemne og anvendt geologi som gir kompetanse for arbeid mellom anna i petroleumsnæringa.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse i tillegg til R1/(S1+S2) og enten (R1+R2) eller (FYS1+2) eller (KJE1+2) eller (BIO1+2) eller (INFO1+2) eller (GEO1+2) eller (TEK1+2)

Innhald / oppbygging

Studiet er bygd opp etter emne- og studiepoengsystemet. Dei fleste emna vert avslutta med eksamen (munnleg, skriftleg, mappeevaluering, semesterarbeid, framføringar). Emna er organisert i blokker på 10 studiepoeng. Kvar blokk vert avslutta med eksamen før neste blokk tar til. Kvart semester består av 30 studiepoeng, altså 3 blokker.

Det faglege innhaldet i studiet femner om generell geologi og geologiske prosessar, geologiske ressursar, ingeniørgeologi, hydrologi / hydrogeologi, geofarar og klimaendringar. Det er høve til å spesialisere seg innan geologi og økologiske prosessar, planfag mot offentlig forvaltning eller ved studieopphald ved eksterne institusjonar. I siste semester skal studentane skrive ei bacheloroppgåve. Oppgåva skal veljast i samarbeid med faglærar, og vil normalt bli knytt opp mot oppdrag, utgreiingsarbeid og forskingsprosjekt som HSF er engasjert i.

Undervisnings- og læringsformer

Omtale av undervisnings- og læringsformer går fram av emneomtalane. Vanleg undervisningsform innanfor blokkundervisinga er forelesingar og seminar om føremiddagen, og øvingar / gruppearbeid om ettermiddagen. I mange emne er det obligatoriske ekskursjonar og feltarbeid. Studentane må rekne med å betale eigendel for reise og opphald, jfr. HSF sitt reglement for dekning av bu- og reiseutgifter for studentar.

Læringsutbyte

Etter fullført studium skal studenten:
- ha ein tverrfagleg kompetanse med basis i geologiske fag som er spesielt eigna for praktisk arbeid i høve problemstillingar knytte til geofare (ras, ustabile grunntilhøve, radon, flom m.m.)
- ha innsikt i det geologiske grunnlaget for førekomst og utvinning av olje og andre geologiske ressursar som grunnvatn, geovarme, mineralressursar og byggjeråstoff
- ha praktiske ferdigheiter i kartlegging, feltundersøkingar og laboratoriearbeid spesielt retta mot geofare
- ha lært seg å arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre
- kunne gjere greie for sine kunnskapar og oppnådde resultat skriftleg og munnleg, på både norsk og engelsk

Studieopphald i utlandet

Det er lagt til rette for studieopphald i utlandet i femte og / eller sjette semester. Avdeling for ingeniør- og naturfag (AIN) har samarbeidsavtaler for studentutveksling med universitet og høgskular i Nederland, Polen, Sverige, Tyskland og USA.

Arbeidskrav

Dei fleste emna har obligatoriske arbeidskrav i form av laboratorieøvingar, feltarbeid eller ekskursjonar. Emneomtalane gir nærare informasjon om arbeidskrav.

Sluttvurdering

Vurderingsforma går fram av emneomtalen for dei einskilde emna.

Pensum

Pensum er oppgitt under kvart emne.

Godkjent av
Studieutvalet

Godkjent dato
18.05.2009

Sist revidert av
Helge Hustveit

Sist revidert dato
06.04.2010

Studieprogramkode (opptakskode)
216469

Bachelorprogram i Geologi og geofare (Kull 2009-2012)
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
GE406 Geologi grunnkurs 10,00 O 10          
GE413 Kartlære og GIS 10,00 O 10          
MA414 Matematikk naturfag 10,00 O 10          
GE408 Mineralogi og petrografi 10,00 O   10        
GE407 Innføring i anvendt geofysikk 10,00 O   10        
GE436 Sedimentologi 10,00 O   10        
GE417 Kvartærgeologi 10,00 O     10      
FY400 Innføring i fysikk 10,00 O     10      
GE414 Strukturgeologi 10,00 O     10      
GE483 Climate Change 10,00 O       10    
GE484 Geohazards 10,00 O       10    
GE481 Engineering Geology and Early Warning 10,00 O       10    
GE476 Geological and geochemical aspects of
Western Norway
10,00 V         10  
GE477 Glaciers and ecology 10,00 V         10  
GE478 Fjord Processes 10,00 V         10  
GE482 Hydrologi og hydrogeologi 10,00 O           10
GE491 Bacheloroppgåve i geologi 20,00 O           20
Sum: 30 30 30 30 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne
Bachelorprogram i Geologi og geofare (Frå kull 2010 - 2013)
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
GE406 Geologi grunnkurs 10,00 O 10          
GE408 Mineralogi og petrografi 10,00 O 10          
MA414 Matematikk naturfag 10,00 O 10          
FY400 Innføring i fysikk 10,00 O   10        
GE407 Innføring i anvendt geofysikk 10,00 O   10        
GE436 Sedimentologi 10,00 O   10        
GE417 Kvartærgeologi 10,00 O     10      
GE414 Strukturgeologi 10,00 O     10      
GE413 Kartlære og GIS 10,00 O     10      
GE483 Climate Change 10,00 O       10    
GE484 Geohazards 10,00 O       10    
GE481 Engineering Geology and Early Warning 10,00 O       10    
GE476 Geological and geochemical aspects of
Western Norway
10,00 V         10  
GE477 Glaciers and ecology 10,00 V         10  
GE478 Fjord Processes 10,00 V         10  
GE482 Hydrologi og hydrogeologi 10,00 O           10
GE491 Bacheloroppgåve i geologi 20,00 O           20
Sum: 30 30 30 30 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne