Naturfag årsstudium

Skriv ut Utskrift med emner
Norsk namn
Naturfag årsstudium

Engelsk namn
One year study of science

Undervisningsspråk
Norsk og eventuelt engelsk.

Studiepoeng
60

Organisering
Heiltid.

Organisering 2
På studiestaden (Sogndal, Førde, Sandane) / On Campus

Normert studietid
1 år

Innleiing

Du kan velje årsstudium ved å ta emne som inngår i første studieår i bachelorprogramma i Fornybar energi, Geologi og geofare eller Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur. Ved å sette saman emne frå desse utdanningane kan du forme eit årsstudium som er tilpassa dine interesser og framtidsplanar. Vi rår til at du kombinerer emne med tanke på vidare studium enten ved høgskule eller universitet. Studentane vel emne ved studiestart.

Det vert tatt atterhald om at alle emne vert undervist.

Målgruppe

Årsstudiet høver for studentar som vil ta studiet som del av eit høgskule- / universitetsstudium i realfag og for lærarar som ynskjer vidareutdanning.

Opptakskrav

Opptakskrav er generell studiekompetanse i tillegg til R1 og eit anna realfag på VG3-nivå. (R1 / (S1+S2) og enten (R1+R2) eller FYS(1+2) eller KJE(1+2) eller BIO(1+2) eller INFO(1+2) eller GEO(1+2) eller TEK(1+2))

Innhald / oppbygging

Studiemodell for årsstudiet kan vere identiske med første året i bachelorprogramma i Fornybar energi, Geologi og geofare eller Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur.

Studiet er bygd opp etter emne- og studiepoengsystemet og består av emne tilsvarande 60 studiepoeng. Emna vert undervist etter kvarandre over seks til sju veker og vert avslutta med ei evaluering etter kvart emne. Arbeidsmengda i kvart emne tilsvarar 10 studiepoeng. For nærare omtale av dei einskilde emna, sjå emneomtalane.

Valfridomen kan bli avgrensa av time- og eksamensplan.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga kombinerer forelesingar med gruppearbeid og laboratorie- og feltarbeid. I tillegg vert det arrangert ekskursjonar til brear, fjell, fjordar og dalar i Sogn og Fjordane. Laboratorieøvingar og feltundervisning er obligatorisk.

Ved ekskursjonar og feltarbeid må studentane vere budde på å betale ein eigendel for reise / opphald, jmf. HSF sitt reglement for dekking av bu- og reiseutgifter.

Læringsutbyte

Sjå emneomtalane.

Arbeidskrav

Sjå emneomtalane.

Sluttvurdering

Vurderingsordninga går fram av omtalen av dei einskilde emna, sjå emneomtalane.

Pensum

Sjå emneomtalane.

Sist revidert av
Helge Hustveit

Sist revidert dato
21.04.2010

Studieprogramkode (opptakskode)
216373

One Year Study of Science, relevant modules (with reservations)
Code Course title Credits O/V *) Credits pr. semester
  S1(A) S2(S)
BI424 Introduction to Botany 10,00 S 10  
PL471 Landscape Heritage 10,00 S 10  
GE413 Cartography and Geographical Information
Systems
10,00 S 10  
GE406 Introduction to Geology 10,00 S 10  
GE408 Mineralogy and Petrography 10,00 S 10  
MA414 Mathematics for Science Studies 10,00 S 10  
PL416 Landscape Analyses 10,00 S 10  
BI435 Landscape Ecology 10,00 S 10  
FE400 Energy, Thechnology and the Environment 10,00 S 10  
GE465 Glacier Course with Theory and Practice 6,00 S 6  
PL425 Design, form and colour 10,00 S   10
BI445 General Ecology 10,00 S   10
BI436 Garden and Landscape Plants 10,00 S   10
FY400 Introduction to Physics 10,00 S   10
GE407 Introduction to applied Geophysics 10,00 S   10
GE436 Sedimentology 10,00 S   10
FE401 Environmental- and energy politics 10,00 S   10
Total: 30 30
*) O - Mandatory course, V - Optional course
Naturfag årsstudium, emne som kan inngå i årsstudiet 2010-2011 (Atterhald om at alle emne vert undervist.)
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
BI424 Botanikk grunnkurs 10,00 V 10  
PL471 Landskapets kulturarv 10,00 V 10  
GE413 Kartlære og GIS 10,00 V 10  
GE406 Geologi grunnkurs 10,00 V 10  
GE408 Mineralogi og petrografi 10,00 V 10  
MA414 Matematikk naturfag 10,00 V 10  
FE400 Energi, teknologi og miljø 10,00 V 10  
GE465 Brekurs med teori og praksis 6,00 V 6  
PL425 Design, form og farge 10,00 V   10
BI445 Generell økologi 10,00 V   10
BI436 Hage- og landskapsplanter 10,00 V   10
FY400 Innføring i fysikk 10,00 V   10
GE407 Innføring i anvendt geofysikk 10,00 V   10
GE436 Sedimentologi 10,00 V   10
FE401 Miljø- og energipolitikk 10,00 V   10
Sum: 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne