Studiehandbok 10/11 / Studium / AVDELING FOR INGENIØR- OG N... / Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur, bachelorprogram  

Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur, bachelorprogram

Skriv ut Utskrift med emner
Norsk namn
Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur, bachelorprogram

Engelsk namn
Landscape Planning with Landscape Architecture, Bachelor Programme

Undervisningsspråk
Norsk

Studiepoeng
180

Organisering
Heiltid

Organisering 2
På studiestaden (Sogndal, Førde, Sandane) / On Campus

Normert studietid
3 år

Innleiing

Bachelorprogrammet i Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur gjev ei tverrfagleg utdanning som kombinerer planleggingsrelevante naturfaglege emne med yrkesretta planleggings- og forvaltningsemne. Det 4. semesteret er valfritt, med høve til studieopphald ved universitet eller høgskular i utlandet, eller å ta andre emne ved HSF. I det tredje året skal studentane skrive ei bacheloroppgåve basert på resultat frå eigne undersøkingar av aktuelle problemstillingar innan areal- eller landskapsplanlegging, kulturlandskapskjøtsel, kulturminneforvaltning eller vegetasjonsøkologi. Det 3-årige bachelorprogrammet i Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur ved HSF er både ei sjølvstendig yrkesutdanning og eit grunnlag for opptak på masterprogrammet i Landskapsplanlegging ved HSF. Dette masterprogrammet vert gitt i samarbeid med Københavns Universitet (KU) i Danmark og Sveriges Landbruksuniversitet (SLU). Bachelorprogrammet gjev også grunnlag for mastergradspåbygging i fysisk planlegging og ein del andre fagretningar ved andre høgskular og universitet i Noreg.

Målgruppe

Bachelorprogrammet har følgjande målgrupper:

- Personar som ønskjer ei kortare og fleksibel yrkesutdanning som gjev kompetanse i landskaps- og arealplanlegging og forvaltning av natur- og kulturlandskap
- Personar som ønskjer ein mastergrad i landskapsplanlegging med landskapsarkitekturfag
- Personar som ønskjer ein mastergrad i fysisk planlegging og arealplanlegging
- Personar som ønskjer å ta ei tverrfagleg utdanning som kan nyttast i kombinasjon med ulike vidare studium ved universitet eller høgskular

Opptakskrav

Generell studiekompetanse / realkompetanse.

Innhald / oppbygging

Bachelorprogrammet er bygd opp med emne på 5, 10 eller 15 studiepoeng. Dei fleste emne vert undervist i blokk over ein periode på 6-7 veker, med sluttvurdering etter avslutta undervisning før neste emne tek til. Kvart semester inneheld emne på til saman 30 studiepoeng. Nærare omtale av dei einskilde emna er å finne under emneomtalane.

Undervisnings- og læringsformer

Dei naturfaglege emna inneheld ekskursjonar, laboratorieøvingar og / eller feltarbeid i tillegg til førelesingar. Dei planfaglege emna inneheld prosjektoppgåver som er individuelle arbeid eller gruppearbeid. Ved ekskursjonar og feltarbeid må studentane vere budde på å betale ein eigendel for reise og opphald. Nærare omtale av undervisnings- og læringsformer går fram av omtalen av dei einskilde emna.

Læringsutbyte

Etter fullført studium skal studenten:

- Ha ein tverrfagleg og fleksibel kompetanse som kombinerer kunnskap i naturfag og samfunnsfag
- Ha kunnskap om natur- og kulturmiljø som grunnlag for planlegging og forvaltning
- Ha kunnskap om offentleg planlegging og forvaltning
- Ha røynsle i landskapsanalyse, areal- og reguleringsplanlegging
- Ha røynsle i formgjeving og landskapstilpassing av inngrep
- Ha spesiell kompetanse i kulturlandskapsfag
- Ha kunnskap og røynsle med IKT og geografisk informasjonssystem (GIS)
- Kunne arbeide sjølvstendig og i samarbeid med andre
- Kunne gjere greie for sine kunnskapar og oppnådde resultat skriftleg og munnleg

Studieopphald i utlandet

Studentar som ønskjer det, kan få innpassa emne tilsvarande eitt semesters studium (30 ECTS/ studiepoeng) ved ein utanlandsk institusjon som del av utdanninga ved HSF. Emnevalet skal førehandgodkjennast av HSF. Studentane følgjer ordinær undervisning ved vertsinstitusjonen. Utvekslingsavtalar er inngått med universitet i England, USA, Tyskland og Nederland.

Arbeidskrav

Fleire emne har obligatoriske arbeidskrav enten i form av laboratorieøvingar, feltarbeid, ekskursjonar eller skriftlege oppgåver, delvis i kombinasjon med munnlege presentasjonar. Godkjende arbeidskrav er eit vilkår for å framstilla seg til eksamen i dei aktuelle emna. Emneomtalane gjev nærare informasjon om arbeidskrav.

Sluttvurdering

Vurderingsordninga går fram av omtalen av dei einskilde emna.

Pensum

Pensumlister går fram av emneomtalane. Det kan bli utlevert reviderte pensumlister ved oppstart av undervisninga.

Godkjent av
Høgskulestyret

Godkjent dato
02.05.2002

Sist revidert av
Helge Hustveit

Sist revidert dato
27.04.2010

Studieprogramkode (opptakskode)
216310

Landscape Planning with Landscape Architecture, Bachelor Programme (2008)
Code Course title Credits O/V *) Credits pr. semester
  S1(A) S2(S) S3(A) S4(S) S5(A) S6(S)
BI424 Introduction to Botany 10,00 O 10          
GE413 Cartography and Geographical Information
Systems
10,00 O 10          
PL425 Design, form and colour 10,00 O 10          
BI445 General Ecology 10,00 O   10        
PL471 Landscape Heritage 10,00 O   10        
BI436 Garden and Landscape Plants 10,00 O   10        
GE406 Introduction to Geology 10,00 O     10      
PL416 Landscape Analyses 10,00 O     10      
BI435 Landscape Ecology 10,00 O     10      
ME420 Statistics for sciences 10,00 S       10    
PL412 Landscape Encroachments 10,00 S       10    
BI434 Vegetation Ecology 10,00 S       10    
PL461 Cultural Landscape Management 10,00 O         10  
PL432 Land use Planning 10,00 O         10  
PL436 Local Development Planning 10,00 O         10  
PL472 Nature Conservation 10,00 O           10
PL422 Municipal administration 5,00 O           5
PL490 Bachelor Thesis in Landscape Planning
with Landscape Architecture
15,00 O           15
Total: 30 30 30 30 30 30
*) O - Mandatory course, V - Optional course
Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur, bachelorprogram (Opptak 2008)
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
BI424 Botanikk grunnkurs 10,00 O 10          
GE413 Kartlære og GIS 10,00 O 10          
PL425 Design, form og farge 10,00 O 10          
BI445 Generell økologi 10,00 O   10        
PL471 Landskapets kulturarv 10,00 O   10        
BI436 Hage- og landskapsplanter 10,00 O   10        
GE406 Geologi grunnkurs 10,00 O     10      
PL416 Landskapsanalyse 10,00 O     10      
BI435 Landskapsøkologi 10,00 O     10      
ME420 Statistikk for naturfag 10,00 V       10    
PL412 Landskapsinngrep 10,00 V       10    
BI434 Vegetasjonsøkologi 10,00 V       10    
PL461 Kulturlandskapsskjøtsel 10,00 O         10  
PL432 Arealplanlegging 10,00 O         10  
PL436 Reguleringsplanlegging 10,00 O         10  
PL472 Naturvern 10,00 O           10
PL422 Kommunal forvaltning 5,00 O           5
PL490 Bacheloroppgåve i Landskapsplanlegging
med landskapsarkitektur
15,00 O           15
Sum: 30 30 30 30 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne
Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur, bachelorprogram (Frå opptak 2009)
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
BI424 Botanikk grunnkurs 10,00 O 10          
PL471 Landskapets kulturarv 10,00 O 10          
GE413 Kartlære og GIS 10,00 O 10          
PL425 Design, form og farge 10,00 O   10        
BI445 Generell økologi 10,00 O   10        
BI436 Hage- og landskapsplanter 10,00 O   10        
GE406 Geologi grunnkurs 10,00 O     10      
PL416 Landskapsanalyse 10,00 O     10      
BI435 Landskapsøkologi 10,00 O     10      
ME420 Statistikk for naturfag 10,00 V       10    
PL412 Landskapsinngrep 10,00 V       10    
BI434 Vegetasjonsøkologi 10,00 V       10    
PL461 Kulturlandskapsskjøtsel 10,00 O         10  
PL432 Arealplanlegging 10,00 O         10  
PL436 Reguleringsplanlegging 10,00 O         10  
PL491 Bacheloroppgåve i Landskapsplanlegging
med landskapsarkitektur
20,00 O           20
PL413 Naturforvaltning og offentleg
sakshandsaming
10,00 O           10
Sum: 30 30 30 30 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne
Landscape Planning with Landscape Architecture, Bachelor Programme (From 2009)
Code Course title Credits O/V *) Credits pr. semester
  S1(A) S2(S) S3(A) S4(S) S5(A) S6(S)
BI424 Introduction to Botany 10,00 O 10          
PL471 Landscape Heritage 10,00 O 10          
GE413 Cartography and Geographical Information
Systems
10,00 O 10          
PL425 Design, form and colour 10,00 O   10        
BI445 General Ecology 10,00 O   10        
BI436 Garden and Landscape Plants 10,00 O   10        
GE406 Introduction to Geology 10,00 O     10      
PL416 Landscape Analyses 10,00 O     10      
BI435 Landscape Ecology 10,00 O     10      
ME420 Statistics for sciences 10,00 S       10    
PL412 Landscape Encroachments 10,00 S       10    
BI434 Vegetation Ecology 10,00 S       10    
PL461 Cultural Landscape Management 10,00 O         10  
PL432 Land use Planning 10,00 O         10  
PL436 Local Development Planning 10,00 O         10  
PL491 Bachelor Thesis in Landscape Planning
with Landscape Architecture
20,00 O           20
PL413 10,00 O           10
Total: 30 30 30 30 30 30
*) O - Mandatory course, V - Optional course