Studiehandbok 10/11 / Studium / AVDELING FOR INGENIØR- OG N... / Ingeniør forkurs tresemester  

Ingeniør forkurs tresemester

Skriv ut Utskrift med emner
Norsk namn
Ingeniør forkurs tresemester

Studiepoeng
0

Organisering
Tresemester (TRES) er lagt opp med eit seks vekers kurs i matematikk (omlag 170 timar), og eit tre vekers kurs i fysikk (omlag 84 timar). Undervisninga i matematikk vert avvikla om sommaren før ein tek til på ordinært studium i ingeniørfag. Kurset i fysikk vert avvikla i løpet av første klasse etter tilpassa opplegg.

Organisering 2
På studiestaden (Sogndal, Førde, Sandane) / On Campus

Innleiing

Heile studiet skal gi kunnskapar innan matematikk og fysikk, slik at studentane får god nok bakgrunn for opptak til ingeniørutdanninga ved HSF.

Målgruppe

Studentar med generell studiekompetanse eller realkompetanse, som ikkje har fordjuping i matematikk og fysikk.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse, utan fordjuping i realfag (R1, R2 eller Fysikk 1 (2 MX, 3MX og 2FY)) eller realkompetanse.

Innhald / oppbygging

Undervisninga i matematikk vert avvikla om sommaren før ein tek til i første klasse. Kurset i fysikk vert avvikla i løpet av første klasse i ingeniørstudiet etter tilpassa opplegg.
Studentar som tek fysikk deltek i den ordinære undervisninga på linje med dei andre 1. året i ingeniørutdanninga. Studentar som har R1, R2 eller Fysikk 1 ( 2MX, 3MX eller 2FY) kan få fritak for delar av kurset.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar og rekneøvingar. Gruppearbeid.

Læringsutbyte

Studentane skal ha kunnskapar i matematikk og fysikk slik at ein kan ta til på ingeniørstudiet til HSF.

Arbeidskrav

Det er krav til oppmøte (maksimum 10% fråvere).

Sluttvurdering

Mappevurdering. Karakterskala A - F.

Sist revidert av
Tarald Seldal

Sist revidert dato
05.06.09

Studieprogramkode (opptakskode)
216910

Tresemester (TRES)
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
FK207 Fysikk, tresemester 0,00 O    
FK208 Matematikk, tresemester 0,00 O    
Sum: 0 0
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne