Studiehandbok 10/11 / Studium / AVDELING FOR INGENIØR- OG N... / From Mountain to Fjord – Geology and Ecology of Western Norway  

From Mountain to Fjord – Geology and Ecology of Western Norway

Skriv ut Utskrift med emner
Norsk namn
From Mountain to Fjord – Geology and Ecology of Western Norway

Engelsk namn
From Mountain to Fjord – Geology and Ecology of Western Norway

Undervisningsspråk
Engelsk

Studiepoeng
30 studiepoeng

Organisering
Studiet er eit heiltidsstudium som går over eitt semester om hausten.


Organisering 2
På studiestaden (Sogndal, Førde, Sandane) / On Campus

Normert studietid
Eitt semester, haust.

Innleiing

Studiet er eit interdisiplinært miljøfagleg kurs med særleg fokus på Vest Noreg sin geologi og økologi. Undervisningsstaden er Avdeling for Ingeniør- og Naturfag ved HSF i Sogndal. Over korte avstandar spenner det nærliggande området over ei rekkje naturmiljø frå det alpine (Jotunheimen) til det marine (Sognefjorden). Dette gjer området til eit eineståande laboratorium for felt- og miljøbasert undervising og forsking. Studiet passar spesielt for utanlandske studentar, men er også ope for eit mindre tal norske studentar. Det er inga studieavgift, men studentane må betale ei ekskursjonsavgift på omlag 2000,- NOK. Undervisningsspråket er engelsk.

Målgruppe

Målgruppa er studentar frå høgskular og universitet i Noreg og utlandet som ynskjer ei brei interdisiplinær kurseining i natur- og miljøfag som tillegg til eller del av den ordinære utdanninga si. Studiet skal passe inn som ein modul for europeiske utvekslingsstudentar.

Opptakskrav

Kravet til opptak er godkjend minst 90stp (= 90ects) ved søknadstidspunktet (15. april) innanfor akademiske studium som geografi, biologi, geologi, jordfag, økologi og miljøfag. Søkjarar med anna utdanning eller færre enn 90stp kan etter særskild vurdering takast opp.

Innhald / oppbygging

Det interdisiplinære kurset spenner tematisk over emna berggrunnsgeologi, glasial geologi, geomorfologi, limnologi, vegetasjonsøkologi, fjordbiologi, fjordhydrografi og fjordsedimentologi. Det har tre delar beståande av 10stp kvar med til saman 21 feltdagar: (I) Geologiske og geokjemiske aspekv ved Vestnoreg 10stp, (II) Brear og økologi 10stp, (III) Fjordprosessar 10stp. For utfyllande informasjon om innhald og oppbygging visast til heimesida.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga er sett saman av førelesningar, tverrfagleg prosjektarbeid og ekskursjonar med laboratorieøvingar og feltarbeid.
Studentane må betale ein eigenandel for ekskursjonar på om lag kr. 2000.

Læringsutbyte

Etter fullført studium skal studentane ha ein oversikt over og forståing for miljøendringar langs naturlege gradientar frå fjell til fjord, og korleis menneskelege inngrep kan påverke desse. Studentane skal ha ei heilskapleg forståing av samspelet mellom ulike naturtilhøve langs ein gradient som går gjennom fleire temperatur- og vegetasjonssoner, og som kryssar ulike geologiske og hydrografiske einingar. Studentane skal kunne bruke avsetjingar i innsjøar og i det marine fjordmiljøet som verktøy for tolking av ei rekkje miljøendringar i naturmiljøet.

Arbeidskrav

Godkjende felt- og laboratoriejournalar

Sluttvurdering

Kvart tema vert avslutta med ei vurdering som utgjer ein tredjedel av endeleg karakter.

GE476 Geological and geochemical aspects of Western Norway (10stp): mappeevaluering, bokstavkarakter
GE477 Glaciers and Ecology (10stp): 4 timar skriftleg eksamen, bokstavkarakter
GE478 Fjord Processes (10stp): Semesteroppgåve og offentleg presentasjon /munnleg eksamen, bokstavkarakter.

Pensum

Pensum er oppsummert i ”Course syllabus” på heimesida.

Sist revidert av
Helge Hustveit

Sist revidert dato
19.04.2010

Studieprogramkode (opptakskode)
216906

From Mountain to Fjord - Geology and Ecology of Western Norway
Code Course title Credits O/V *) Credits pr. semester
  S1(A)
GE476 Geological and geochemical aspects of
Western Norway
10,00 O 10
GE477 Glaciers and ecology 10,00 O 10
GE478 Fjord Processes 10,00 O 10
Total: 30
*) O - Mandatory course, V - Optional course
Ny fagblokk
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
GE476 Geological and geochemical aspects of
Western Norway
10,00 O 10  
GE477 Glaciers and ecology 10,00 O 10  
GE478 Fjord Processes 10,00 O 10  
Sum: 30 0
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne