Studiehandbok 10/11 / Studium / AVDELING FOR INGENIØR- OG N... / Forkurs for ingeniørutdanning, 1-årig  

Forkurs for ingeniørutdanning, 1-årig

Skriv ut Utskrift med emner
Norsk namn
Forkurs for ingeniørutdanning, 1-årig

Studiepoeng
33 veketimar

Organisering
Det vert undervist omlag 33 t/veke. Studentane ved forkurset deltek på lik linje med dei andre studentane ved HSF i studentutval og studentsamfunn.



Organisering 2
På studiestaden (Sogndal, Førde, Sandane) / On Campus

Innleiing

Forkurset vil gje ei oppgradering av teoretiske kunnskapar slik at studentane kan få god nok bakgrunn for opptak til ingeniørutdanning og maritim høgskuleutdanning.

Målgruppe

Studiet er for dei som vil ta til ved ingeniørutdanning og maritim høgskuleutdanning, men som manglar den studiekompetansen som trengst for å bli teken opp.

Opptakskrav

Søkjarane vert delte inn i grupper slik:
Gruppe 1: Fullført og bestått Vg2 eller Vg2 og Vg3 frå andre studieretningar enn studieretning for allmenne, økonomiske og administrative fag samt søkjarar som har avlagt godkjent fagbrev eller svenneprøve
Gruppe 2: Fullført Vg1 + Vg2 + Vg3 frå studieretning for allmenne, økonomiske og administrative fag utan å oppfylle særkrav for opptak til ingeniørutdanning eller maritim høgskuleutdanning
Gruppe 3: Ha minst 5 års arbeidslivserfaring (heiltid), eventuelt ein kombinasjon av heiltids arbeidslivserfaring og utdanning på vidaregåande nivå på til saman 5 år, og vere fylt 23 år. Dokumentert omsorgsarbeid vert godkjent.

Dersom ein søkjar kan plasserast i meir enn ei av gruppene, skal den som gir best konkurransepoengsum brukast. Studieplassane vert fordelt mellom gruppene slik:
Gruppe 1: 60%
Gruppe 2: 30%
Gruppe 3: 10%

Innhald / oppbygging

Emne/time fordeling: FK200 Norsk (8t/v), FK202 Engelsk (4t/v), FK204 Matematikk (10t/v), FK205 Fysikk (7t/v) og FK209 Teknologi og samfunn (4t/v)

Studentar med 3-årig allmennfag eller 3-årig økonomisk/adm. fag frå vgs. kan få fritak i faga engelsk og norsk på forkurset. For å vere med i forkurskvoten ved opptak til ingeniør- og maritim høgskuleutdanning, er det krav om minst 30 timar pr. veke i forkurset. Ved mindre enn 30t pr. veke vert søkjaren klassifisert som delkursstudent og må konkurrere med andre søkjarar.

Undervisnings- og læringsformer

Undervisninga vert gjeven i variert form, frå vanleg klasseromsundervisning til meir studentaktive former som gruppearbeid, prosjektarbeid og laboratorieøvingar. Det vil bli lagt stor vekt på studentaktive læringsformer.

Læringsutbyte

Kandidatane skal vere kvalifiserte til å ta til på ingeniørutdanning og maritim høgskuleutdanning

Arbeidskrav

Det er krav om minst 75% oppmøte til all undervising i kvart enkelt emne.

Sluttvurdering

Vurderingsordninga går fram av kvar emneomtale. Der ikkje anna er gitt, blir det brukt bokstavkarakterar (A – F). Hjelpemiddel til eksamen er også oppgitt for kvart enkelt emne. Enkel kalkulator vert definert som kalkulator utan minne, eller med minne som lett kan slettast (resettast). I emna vil ein del av sluttkarakteren vere basert på mappeevaluering.
Ei mappe er ei samling av ulike element som totalt sett skal gi ein karakter. Dette kan være innleveringar, prøvar og obligatorisk arbeid. Mappa skal representere arbeid som er gjort i løpet av semesteret eller året, og dei ulike elementa vil ha ulike fristar. Kva element som ligg i ei slik mappe vil variere frå emne til emne. Studentar som stryk eller har gyldig grunn til ikkje å levere mappe eller prosjekt som grunnlag for sluttvurdering, har høve til å levere ny mappe innan utgangen av påfølgjande semester med basis i eksisterande mappe supplert med nye oppgåver. Studentar som ynskjer å forbetre karakteren vil ha høve til dette ved første ordinære gjennomføring av mappa, og med ny oppgåve.

Pensum

Vert oppgitt for kvart enkelt emne.

Godkjent av
Høgskulestyret

Godkjent dato
27.03.2003

Sist revidert av
Tarald Seldal

Sist revidert dato
19.05.09

Studieprogramkode (opptakskode)
216909

Forkurs for ingeniørutdanning
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
FK200 Norsk 0,00 O    
FK202 Engelsk 0,00 O    
FK204 Matematikk 0,00 O    
FK205 Fysikk 0,00 O    
FK209 Teknologi og samfunn 0,00 O    
Sum: 0 0
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne