Studiehandbok 10/11 / Studium / AVDELING FOR INGENIØR- OG N... / Anvendt geologi med petroleumsrelaterte fag, bachelorprogram  

Anvendt geologi med petroleumsrelaterte fag, bachelorprogram

Skriv ut Utskrift med emner
Norsk namn
Anvendt geologi med petroleumsrelaterte fag, bachelorprogram

Engelsk namn
Applied Geology with Petroleum related Modules, Bachelor Programme

Undervisningsspråk
Norsk (120stp) og engelsk (60stp)

Studiepoeng
180 studiepoeng

Organisering
Heiltid. Siste gang opptak 2008.


Organisering 2
På studiestaden (Sogndal, Førde, Sandane) / On Campus

Normert studietid
3 år

Innleiing

Det 3-årige bachelorstudiet i Anvendt geologi med petroleumsrelaterte fag er ei sjølvstendig yrkesutdanning.
Seksjon for geologi tilbyr ei praktisk opplæring i geologiske emne retta mot aktuelle samfunnsbehov. Fylket byr på variert geologi som aktivt vert tatt i bruk ved ekskursjonar og feltarbeid. Sjølve studiet er delt inn i seks tematiske studiesemester på 30 studiepoeng kvar:

Semester 1: Naturfagleg basisutdanning
Semester 2 og 3: Geologi retta mot samfunnet - industri, risiko og klimaendrig
Semester 4: Geologiske ressursar
Semester 5: Geologi og økologi (”From Mountain to Fjord”) (Valsemester)
Semester 6: Avsluttande bacheloroppgåve.

Målgruppe

Studiet høver for alle som ønskjer å ta ei utdanning innan næringar som til dømes petroleumsnæringa, vassindustri, bergverk, byggeråstoff.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse med fordjuping i naturfag, det vil seie 3MX (eventuelt 3 MZ + 3FY / 3KJ / 3BI / (2KJ+3BT) / (2BI+3BT)).

Læringsmål

Studiet er ei sjølvstendig yrkesutdanning . Det kan og danne grunnlag for mastergradsstudium.

Studiet gir ein brei naturfagleg bakgrunn med spesialisering i ressursrelaterte fag, hovudsakeleg retta mot petroleums-, mineral- og grunnvassressursar, som gir grunnlag for arbeid i petroleumsindustrien eller bergindustrien, men også i miljøsektoren, tekniske etatar, reiseliv eller skuleverket.

Innhald / oppbygging

Studiet er bygd opp etter emne- og studiepoengsystemet. Dei fleste emna vert avslutta med eksamen (munnleg, skriftleg, mappeevaluering, semesterarbeid, framføringar). Emna er organisert i blokker på 10 studiepoeng. Kvar blokk vert avslutta med eksamen før neste blokk tar til. Kvart semester består av 30 studiepoeng.

Bachelorstudiet har emne tilsvarande 180 studiepoeng (60 studiepoeng pr. år). Nærare omtale av kvart emne finst under emneomtalane.

Det faglege innhaldet i studiet femner om fag innan petroleum, grunnvatn, mineralske ressursar, industriretta emne, klima, miljø, turisme og ingeniørgeologi. Det siste året kan det blant anna veljast spesialisering i industriretta fag i Førde eller studium i utlandet.

Undervisnings- og læringsformer

Omtale av undervisnings- og læringsformer går fram av emneomtalane. Vanleg undervisningsform innanfor blokkundervisinga er forelesingar og seminar om føremiddagen, og øvingar / gruppearbeid om ettermiddagen. I nokre emne er det obligatoriske ekskursjonar og feltarbeid. Studentane må rekne med å betale eigendel for reise og opphald, jfr. HSF sitt reglement for dekning av bu- og reiseutgifter for studentar.

Studieopphald i utlandet

Det er lagt til rette for studieopphald i utlandet i femte og / eller sjette semester. Avdeling for ingeniør- og naturfag (AIN) har samarbeidsavtaler for studentutveksling med universitet og høgskular i Nederland, Polen, Sverige, Tyskland og USA. Delar av utvekslinga kan finansierast med stipend frå internasjonale uvekslingsorganisasjonar (for eksempel Erasmus) og / eller stipend fra Statens lånekasse for utdanning. Sjå HSF sine internasjonale websider for nærare informasjon.

Arbeidskrav

Dei fleste emna har obligatoriske arbeidskrav i form av laboratorieøvingar, feltarbeid eller ekskursjonar. Emneomtalane gir nærare informasjon om arbeidskrav.

Sluttvurdering

Vurderingsforma går fram av emneomtalen for dei einskilde emna.

Pensum

Pensum er oppgitt under kvart emne.

Sist revidert av
Helge Hustveit

Sist revidert dato
06.04.2010

Applied Geology with Petroleum related Modules, Bachelor Programme
Code Course title Credits O/V *) Credits pr. semester
  S1(A) S2(S) S3(A) S4(S) S5(A) S6(S)
GE417 Quaternary Geology 10,00 O         10  
PL432 Land use Planning 10,00 S         10  
PL436 Local Development Planning 10,00 S         10  
GE484 Geohazards 10,00 O           10
GE491 Bachelor Thesis in Geology 20,00 O           20
Total: 30 30 30 30 30 30
*) O - Mandatory course, V - Optional course
Anvendt geologi med petroleumsrelaterte fag (Kull 2008-2011). I femte og sjette semester kan det veljast førehandsgodkjende studium i utlandet eller Norge.
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
GE417 Kvartærgeologi 10,00 O         10  
PL432 Arealplanlegging 10,00 V         10  
PL436 Reguleringsplanlegging 10,00 V         10  
GE484 Geohazards 10,00 O           10
GE491 Bacheloroppgåve i geologi 20,00 O           20
Sum: 30 30 30 30 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne