Studiehandbok 07/08 / Emne / AVDELING FOR INGENIØR- OG N... / EL2-201 Reguleringsteknikk  

EL2-201 Reguleringsteknikk

Kode
EL2-201

Norsk namn
Reguleringsteknikk

Studiepoeng
10,00

Kategori
Teknisk emne i ingeniørstudiet.


Semester
2. år, vårsemesteret


Forkunnskapar

Byggjer på Grunnleggjande elektro 1 og 2, Matematikk 1 og 2, eller tilsvarande.

Læringsmål

Emnet skal gje ei grunnleggjande innføring i tilbakekopla reguleringssystem. Studentane skal få kjennskap til nyvinningar innan fagfeltet.

Innhald/oppbygging

Matematisk modellering: Differensiallikningar, overføringsfunksjon, Laplacetransform, tilstandsrommodell.
Stabilitetsanalyse: Rouths kriterium, Nyquists stabilitetskriterium, frekvensresponsanalyse, Bodediagram,
Reguleringsprinsipp: PID-regulatoren, polplasseringsmetodar, z-transform, digitale reguleringssystem
Dataverktya Matlab, Simulink og Labview vert brukte.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesingar, laboratorie- og rekneøvingar.

Arbeidskrav

4 godkjende labøvingar. 1 godkjent innlevering.

Sluttvurdering

Mappe (vekt 40%, 1 prøve og 1 innlevering). Delkode 002
Skriftleg eksamen, 4t. (vekt 60%). Hjelpemiddel: Alle skrivne og trykte. Kalkulator: Alle. Delkode 001
Begge delar må vere greidd for at emnet skal vere greidd.

Pensum

Lærebok: Nise. Control Systems Engineering. 4. utgåve, Wiley 2004.
Kapittel 1, 2, 3, 4, 5 (- 5.4, 5.5 og 5.6), 6, 7, 10, 12, 13 + utdelt materiale om dimensjonering i frekvensplanet er pensum.