HO2-300 Hovudprosjekt

Kode
HO2-300

Norsk namn
Hovudprosjekt

Studiepoeng
20,00

Kategori
Hovudprosjekt i ingeniørstudiet.

Semester
3. år, haust - eller vårsemesteret.

Forkunnskapar

Greidd eksamen i minst 120 studiepoeng frå 1., 2. og 3. årskurs.

Læringsmål

Hovudprosjektet skal gje kandidaten øving i å planleggje, gjennomføre og
dokumentere løysinga på ei større oppgåve. Prosjektet skal gje auka og modna kunnskapar og kompetanse innan teknologisk forskings- og utviklingsarbeid, prosjektadministrasjon og fagleg/administrativ dokumentasjon.

Innhald/oppbygging

Prosjektet skal vere praktisk og/eller teoretisk, helst eit utviklings- eller utgreiingsprosjekt for industrien/næringslivet eller offentleg forvaltning. Hovudprosjektet omfattar planlegging, kostnadsoverslag, litteraturstudiar, prosjektering, konstruksjon, større målingar/undersøkingar og utvikling av eventuell prototype. Det blir lagt stor vekt på utarbeiding av dokumentasjon og kvalitetssikring av resultatet. Det vert lagt opp til oppgåver i nært samarbeid med verksemder i fylket. I samband med utviklingsarbeidet er det aktuelt å lese utvalde forskingsartiklar under rettleiing.

Undervisnings- og læringsformer

Prosjektarbeid med rettleiing, normalt i grupper på 2 til 4 kandidatar.

Arbeidskrav

Gjennomført munnleg presentasjon av hovudprosjekt.

Sluttvurdering

Skriftleg sluttrapport, dokumentasjon av prosjektgjennomføring og fysisk produkt der dette finst.

Pensum

Pensum vert opplyst ved semesterstart.