Vidareutdanninga Prosjekt til fordjuping inngår i Utdanningsdirektoratet si satsing Kompetanse for kvalitet.
Vidareutdanninga skal gje grunnlag for å vidareutvikle det lokale læreplanarbeidet og praksis i faget, med utgangspunkt i studentane sin praksis og eigne erfaringar. Studiet vil fokusere på målsetjingar med faget i vidaregåande skule og korleis organisere og gjennomføre faget på ulike yrkesfaglege program. Fokus i studiet er mellom anna korleis skulen kan leggje til rette for at elevane får gjere erfaringar som set dei i stand til å ta gode val for framtidig utdanning og yrke ligg som eit implisitt mål for vidaregåande opplæring som heilskap.
Å utvikle interesse og motivasjon for læring på yrkesfaglege program kan mellom anna skje gjennom innhald og arbeidsmåtar i faget Prosjekt til fordjuping. Gjennom utplassering og yrkesnære oppgåver kan elevane få prøve ut sine interesser, utvikle refleksjon kring utdannings- og yrkesval og få informasjon om utdanning og vidare yrke som er relevant for kvar enkelt elev.
Dette vil stille krav til skuleeigar med tanke på samarbeid med næringsliv og andre delar av opplæringssektoren som til dømes opplæringskontor og høgskular. Innanfor faget ligg det også store mulegheiter til å nytte entreprenørskap som ein del av opplæringa. Studiet vil difor legge vekt på perspektiv på læring og motivasjon knytt til utdannings- og yrkesval, og samhandling med ulike aktørar utanfor skulen for å realisere måla i faget Prosjekt til fordjuping.
Studiet høver for lærarar og rådgjevarar som arbeider på yrkesfaglege program i vidaregåande skule.
Lærar/rådgjevar knytt til yrkesfagleg program i vidaregåande skule i skuleåret 2012/2013.
Opptak til studiet vert gjort etter prioritering frå skuleeigar.
Studiet vil innehalde ein teoretisk del med gjennomgang av fagområda/tema med forelesingar, gruppearbeid, studentaktive øvingar, og ein praktisk del gjennom arbeid med prosjekt/ utviklingsarbeid med utprøving på eigen arbeidsplass.
Studentane sin eigen yrkespraksis skal vere utgangspunkt for arbeid i studiet, og som utprøvingsarena og refleksjonsgrunnlag for prosjekt/ utviklingsarbeid.
Del 1 , 15 studiepoeng:Individuell munnleg eksamen med presentasjon og drøfting av planlagt prosjekt relatert til gjennomgått teori og pensum. Bokstavkarakter A - F
Del 2, 15 studiepoeng:Skriftleg prosjektrapport frå utviklingsarbeidet, individuelt eller i gruppe. Bokstavkarakter A - F
Førebels pensumliste. Endeleg pensumliste blir sett opp i samråd med studentane. Pensum vil bli tilgjengeleg gjennom fagbøker og kompendium.
Artiklar som vert lagt inn i kompendium:Egedius, Henry (1999): Pedagogikk för 2000-talet. Forlaget Natur og kultur (24 sider)
Haaland Sund, Grete, Nore, Hæge og Vagle, Inger (2009): Vurdering for og av læring i yrkesfag. I Dobsen m. fl: Vurdering, prinsipper og praksis. Nye perspektiver på elev- og læringsvurdering. Oslo, Gyldendal Akademisk. Kap 12 (20 sider)
Illeris, Knud (2000): Tekster om læring. Roskilde, Universitetsforlag (11 sider)
Kvale, Steinar (2007): Vurdering i skole – vurdering i bedrift. Paper presentation Landskonferansen 2007: Vurdering for/ av læring, Oslo. (11 sider)
Røe Ødegård, Inger K. (2010): Læreprosesser i pedagogisk entreprenørskap. Kva? Hvordan? Hvorfor? Paper presentasjon Nordisk konferanse i entreprenørskap Luleå 15.-17. juni 2010. (14 sider)
Smith, Kari (2009): Samspillet mellom vurdering og motivasjon. I Dobsen m. fl: Vurdering, prinsipper og praksis. Nye perspektiver på elev- og læringsvurdering. Oslo, Gyldendal Akademisk. Kap 1 (15 side